tysdag 12. oktober 2010

Åsbøsnyta.

26.september tok vi ein fjelltur på Nordvik, til Åsbøsnyta. Dette er eit fjell eg har sett rett bort på i snart 60 år, men har aldri vore der før.
Vi ser over fjorden mot Nordvik og Åsbøsnyta.
Utsikt frå fjellet mot Surnadal. Her ser vi tydeleg at elva Søya er styrt for å få litt meir dyrka jord.
Nokre av desse fjella ser vi også heimefrå. Vi ser Skjerringfjellet og Snøfjellet. Rett bak Snøfjellet skimtar vi Såtbakkkollen. Til høgre Skarfjellet. Dei to siste er bak Innerdalen.

Utsikt frå toppen av Åsbøsnyta. Vi ser heim. (Midt i biletet)

Fint ja.................

Sula ser vi her i ein heilt annan vinkel enn det vi ser heimefrå. Til venstre ser vi Litj-Sula som vi ikkje ser heimefrå.
Åsbøsnyta sett frå vegen mellom Kvanne og Surnadal. (Melhusen)

1 kommentar:

Anonym sa...

der har ikkje vi vore heller. såg ut som ein fin tur:)
- Marie& Nils Ingar