søndag 26. desember 2010

Dåp i Bergen før jul.

Siste helga før jul fekk vi samlast i frikirka i Bergen saman med Marie og Nils Ingar for å døpe lille Anna.


Her blir Anna senka ned i dåpskaret av pastoren. For oss var det litt uvant men betydninga er den same. Anna skulle få vere Guds barn og medlem av frikirka i Bergen.
No må ho pakkast inn igjen.... og her kjem dåpskjolen på.

Cecilie ville gjerne også ha sin del av showet. Det er ikkje greit å ikkje vere dagens midtpunkt.

Nils Ingar, Martin og Sivert deltok med song og musikk i gudstenesta. Video av innslaget nederst på dette blogginnlegget.
Anna saman med pastor og fadrane.

Anna og stolte foreldre.
Kakebordet er klart i kjellaren på frikirka.

Cecilie og Jona er spiseklare.
Eldbjørg og Gunnveig kosar seg i selskapet.

Det går an å finne seg ulike spisestillingar.

Det var fleire som ville kose seg med Anna, sjølv om mamma´n sender lange blikk.

Cecilie Catharina 8. les bok for Cecilie Catharina 10.


... og så litt barneshow med snikkelora-musikk(Børud) attåt.

laurdag 11. desember 2010

Baking, julemesse og sjølskryt.

Det vart ny rekord for julemessa for Misjonsselskapet( på Grøa) i år også. Der er det mange som bidrar, men dette er mest sjølskryt. I det forrige blogginnlegget var eg mest opptatt av å vise mannen som klarte å lage strull. Men no bør det vel framhevast at det er Cecilie som står for den store produksjonen. Kallen er imponert. Det første biletet viser ein av kvar sort, som vi laga.
Strull, bordstabelbakels, Napoleonshatt, suksesskake, hjertekaker, sjokoladerullekake og sjokolademakroner. (Dette blir 7 om ikkje alt er klassiske julekaker)
På biletet over ser vi heile stabelen som vi hadde med til julemessa. På biletet under ser vi det som ikkje vart kjøpt.
......... og sjølvskryt skal ein jo lytte til, for det kjem frå hjertet.
Til slutt eit lite glimt inn i vårt ekteskapelege samarbeid om prosjektet. Eg kan gjerne hjelpe til med å skjære opp sjokoladerullekakene. Eg har heller ingen problemer med å akseptere hennes breie erfaring som tilseier at dei bør vere akkurat 11 cm for å passe i boksen. Men når ho attpåtil vil bestemme at eg skal måle med ein bestemt linjal da reiser eg meg i protest mot overmakta, diktaturet og detaljstyret.

onsdag 8. desember 2010

Bakedag.

I dag onsdag 8.desember hadde vi den store luksus å vere heime begge to. Det vart ein skikkeleg bakedag. Noko av dette skal selgast på julemessa på Grøa no på laurdag.
Eg har ein del erfaring med krumkaker. Så da er det berre å skifte "røre" og rulleredskap og så blir det strull. Laga det første gong i fjor. Det smakar kanskje litt meir jul av dette utan at eg heilt kan definere julesmak.
Dagen starta roleg med felles frokost og advenslys før bakinga starta.

Her blir det kjevla og og laga sirklar til hjertekakene.

Her er hjerta ferdig. (I oppskrifta står det stjernekaker.)

Full konsentrasjon om rulleteknikken når det skal lagast strull på krumkakejernet.