Det er greit å bu på landet. Du slepp den lange turen til hytta. Du er rett og slett i naturen allerede. Der kan du gå på ski, hogge ved, sy, mate lam, gå på fjelltur, fiske, plukke bær, forhauste eller bade i sjøen. Og viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome.
No er det ei veke til sola kjem tilbake til Drøppingstranda, men sola er da like fin før ho kjem fram. Sola pleier å dukke fram ca. kl. 10 27.januar viss veret er bra.
Desse bileta tok eg i dag laurdag 19.januar ca. kl. 9
For ukjente kan eg opplyse at vi her ser Skjerringfjellet midt i biletet, og Snøfjellet som ser ut som eit hustak. Mellom desse fjella har vi Bjøråsskaret der turistlinja mellom Innerdalen og Todalen/Kårvatn går.
I romjula var det tid for å dra til Bergen og sjå på nytt barnebarn.
Bestefar med 4 av barnebarna i Bergen.
Bestemor studerer nyprinsen Bjørnar.
Tid for å stelle dokka når babyen søv. Foreldrene slappar av med teikneserie.
Stolt storesøster.
Stadig nye julekveldar.
Jona har bygd ferdig politistasjonen.
Ny dag. Ny "julekveld" med bygging av kjøkken.
Her er kjøkkenet ferdig.
Bjørnar til privat legekontroll hos onkel Eivind.
Bestemor og Jona bygger gard på I-pad'n.
Klar til å å gå ut som julebukk. (og det vart ganske innbringande). Eg har lese at julebukk-tradisjonen held seg betre i Bergen enn andre plassar. Så da stemmer teori og praksis.
Kven kan dette vere?????
Cecilie passar på fetter Bjørnar.
Ut i regnveret.
No ser vi heim igjen, og ser at det er bratt.
Filmane som kjem her er på YouTube, men er ikkje "offenlteg tilgjengeleg".
Vi fekk ein dag med kaldt ver før regnet kom. Den dagen utnytta vi i akebakken.
Kven gøymer seg i eska under teppet?
Sondre hadde fått drømmejobben når han kunne vaske i lag med bestefar.