Viser innlegg med etiketten Sauer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sauer. Vis alle innlegg

tysdag 23. april 2013

Vårens vakraste eventyr med litt kaotisk start.

Lamminga har så vidt starta. Første termin var på laurdag, men det vart ikkje lamming før natt til måndag. Da starta det fort medan eg sov ei lita stund.  Mødre kan vere svært forskjellig. Da eg kom dit hadde det kome 4 lam frå to mødre. Den eine hadde slikka og ordna opp med alle lamma. Ho viste tydeleg at alle er "mine lam."  Den andre stod forsiktig hjørnet og gav seg heilt ut av det heile.
Eg måtte gjere eit valg fort, og tok den forsiktige sauen ut saman med eit lam.  Ho stanga ikkje lammet, men brydde seg heller ikkje om.  Det viste seg at det gjekk bra.  Den andre hadde da 3 lam.  Seinare fødte ho 3 lam til, eit var dødt.  I ettertid TRUR eg at ein sau har fått 4 lam og ein har fått 3.
No har den eine sauen 5 lam rundt seg, men eg har planer om å ta ut 2 som kopplam etter nokre dagar.
 Her ser vi nokre av lamma.
..... og her er alle fem, met kvalitetet på biletet er ikkje så bra.


Her ser vi litt av dei 5 lamma (på YouTube)

tysdag 25. desember 2012

Julemat, duppedings og drømmedame.

 Det er jo med høgtid eg ordnar pinnekjøttet kvart år. Resultatet vart bra i år også. Når ho som sit her seier at mitt er det beste, jå så er jo det heilt topp.  Kanskje fordi det smakar godt fjellgras eller at det er noko med stellet sauene får, slaktinga, saltlaken eller sjølve steikinga.  Eg tykkjer forresten at sjølve steikinga manglar litt når eg smakar pinnekjøtt andre plassar. (f.eks på julebord) Det er mykje snakk om sprø svor på ribba. Men etter mi meining er ei god steiking etter lang koking også viktig på pinnekjøtt.
 Nærbilete av pinnekjøttet på fatet på julaften.
 Kona mi ønsker seg stadig duppedingsar til jul og no var ho ganske klar til å gje meg ein duppedings innan data/telefoni som eg meiner eg ikkje treng.  Med litt tips var vi klar for å gje ei gåve frå kvarandre til kvarandre som stiller kravet til ein god duppedings.  Skikkeleg unyttig kan det truleg seiast at det er, men viss latskapen verkeleg skal få boltre seg så......  Kva med å sjå på at det blir støvsuga, medan du sjølv sit i godstolen.  Kor mykje som bør gjerast med stolflytting, tilpassing av soner o.l. er vi så heldige at vi ikkje har funne ut enda. Vi lever berre i draumen........ Og her er vidunderet i aktivitet.........
Utroleg kor fort katten tilpassar seg siuasjonen. Han forstår nok at den skumle greia er bunde av tyngdekrafta og held seg på golvet.
 Men vi skal da ha meir mat også. Dei fleste vel pinnekjøtt eller ribbe, og nokon vel begge delar. 1.juledag kunne eg servere ribbe med skikkeleg sprø svor.
Og når det attpå til kan etast i lag med drømmedama, så ................

søndag 7. oktober 2012

Spesielt lam.

I vår laga eg film om eit spesielt lam. No har lammet kome tilbake frå fjellet sjølv om mange andre lam ikkje har klart seg over sommaren. Eg har sett lammet mange gonger i løpet av sommaren.  Eg beundrar lammet som har klart å halde følge med dei andre - Ikkje minst - klare å orientere seg om kvar mor er.  Men det er nok litt slitsamt å gå slik, og det vart det lettaste av alle lamma eg har.
I sept sette nokre sauer ny høgderekord. Dei vart funne oppe på toppen av Grånebba -1305 m.o.h. Og dette lammet var med der.
Her kjem ein liten filmsnutt av lammet etter at det kom heim. (Frå Youtube)

Til samanlikning så legg eg også link til filmen som vart laga i vår. (Har stått om det på bloggen før)


torsdag 23. august 2012

Filmsnuttar frå sommaren.

Det er ei stund sidan eg blogga frå sommaren med foto, men her kjem det nokre filmsnuttar få sommaren.  Den første inneheld mating av lam, kjøring med "nytraktoren" og tur på fjorden på Våga,


Den andre filmen foregår inne med div. trening.  Vi kjøpte turnringar denne sommaren. Dei har vore bruka både ute og inne.  Litt klassisk skliing i trappa høyrer også med, ..... og så var det ein som starta krabbekarrieren.

Her kjem også ein link til animasjonsfilmen med grisefødsel som vi kunngjorde på YouTube i sommar. Filmen er også omtala på Bergfruas lapper. 


søndag 3. juni 2012

Pinse med segling og lam.

1. pinsedag reiser vi ofte til gudsteneste i Stangvik. Denne gongen fekk vi segltur saman med Marie, Nils Ingar, Anna og Anne Marie.  Her har vi kome på land i den nye flotte hamna ved kyrkja.

 Her stoppa vi på grava til Ingeborg og Gudmund. Tante/onkel og steforeldre til far Nils.
 Anna ved døra på Buvang.
 Anna var med på å sleppe ut sauene om morgonen.
 Seinare på dagaen var vi ute for å mate sauene med kraftfor.


 Cecilie har klipt og sydd om gamal duk for søndagsfrokosten.
 ... og så lenge det er nok stoff og tråd, og symaskina går er ho så blid så.....
Mai med kvitveis er ei fin tid. ....det var i alle fall det før den nye store grøne vinteren kom.
Den kjente og klassiske utsikten utover fjorden frå Kammen.

søndag 29. april 2012

Blogginnlegg utan barnebarn.

Dette handlar altså ikkje om barnebarn, men litt av det linsa kan fange inn på ein spasertur til Kammen. + litt video av lam til slutt.
 Her har Dagmar vist sine krefter.
Sopp høyrer med blant nedbrytarane i naturen, men kan vere vakker for det.
Å rotne kan også sjå fint ut.
Ulike varantar av lav.

Den som har mista balansen i stormen kan støtte seg på den som ikkje har falt.
Meir flott lav.

Gamalt tre, eller porten inn til .................

Tre som gjeve opp til ulike tider.
Til slutt kjem det eit bilete av eit spesielt lam med skeiv nakke. Måtte mate det i 4-5 dagar, men da klarte det seg sjølv.  Eg har lasta opp 2 lam-videoar på Yoy-Tube.
Mini-lam frå You-Tube:
Merkeleg lam frå YouTube:

eller rett til You-tube og sjå dei der.
  http://www.youtube.com/watch?v=ZAYT1KRpcK0&list=UU69NzZWacrLJC0aXU4SQV_w&index=2&feature=plpp_video

fredag 14. oktober 2011

Sommar på Drøpping.

Først no har vi vel kome fram til kjernen i blogging frå sommaren. Slik blir det når vi bloggar kronologisk baklengs. Sommar på Flæsa er jo noko av det beste lell da..........

 Å ete is er heller ikkje så verst.
 ...og tur opp til lamma på Øverlandet vart ein skikkeleg slager i sommar, sjølv om det ikkje var så ofte at så mange deltok i turen.
 Lamma er intereessert.
 Eldbjørg og Cecilie bar kraftfor, smakte på det og delte gjerne ut.


 Malm-gjengen i sandkassen.
 Marie samlar folket i den nye sofaaen.
 Anna utforskar både det eine og det andre.
 Hjortelår på 9 kg vart stekt i jordgrop.  Marie sjekkar temperaturen, og nedanfor er Nils Ingar i gang med kniven.

 Dei to yngste, Signe og Anna, er ute på tur.

Sklia er snart klar til uttesting.  Filmen nedanfor viser at alle ikkje glir like godt.

søndag 1. mai 2011

Filmsnuttar frå påska.

Her kjem litt fleire glimt frå påska 2011 da dei fleste var heime (alle barn og barnebarn).  Flæsa er ein fin plass for å nyte friluftslivet med leikar og svelesteiking.
John Gudmund er ein strerk og populær onkel. Men det høyrer også med til historia at han var litt stiv i skuldrene etterpå.
Leik foregjekk også på loftsstua og utandørs, og leiken tilhører alle generasjonar.
Bonderomantikk er jo ein del av namnet til bloggen. Kombinasjonen av barnebarn og lam er flott.  Utanom sjølve bileta av barnebarn er Catharina ein god kommentator og underhaldar på filmane.

fredag 29. april 2011

Påskeferie med bonderomantikk.

Denne påska hadde vi besøk av alle våre barnebarn + ein del foreldre.  Sidan påska kom så seint i år var det også ferie med lamming, og det var ein flott kombinasjon.
Her ser vi Signe og Marit.
Nedanfor ser vi Cecilie i dyp konsentrasjon, medan Anna og Nils Ingar ser på.

Det er sjeldan at sauene lammar med så mange tilskuarar.
Traktoren er eit greit leiketøy for fleire generasjonar.
Marie og Anna.
Eit lite minus var at påskeviruset også gjesta ein del av oss.
Her er det Cecilie som matar lam og Eldbjørg ser på.
No får lamma hol i ørene, men det er da greit for det har også mamma og bestemor.
Heile tre gonger var vi på Flæsa og stekte sveler.
John Gudmund fiksa også sandkassen etter brøyting i vinter og her er det Eiliv og Jona som leikar med bilar.
Cecilie i aksjon.
Anna er det minste barnebarnet.
Bestemor les bok om kvelden, og det ser da ut til at lesinga har sin virkning.
Nedanfor kjem ein serie med bilete frå Flæsa der vi bl.a leita etter påskeegg.  Reint teknsisk er denne laga med picasa.  Det betyr film utan panorering, så eg går vel kanskje heller tilbake til å bruke photostory.