laurdag 24. april 2010

Nyfødt lykke.

Legg til videoNyfødt lykke kan visast på mange måtar, men lamma viser sin lykke ved å riste på halen. farten på rompa seier litt om graden av lykke.

Her kjem ein vanleg fødsel. Vi ser her at lam nr. 2 blir født. Dei som ikkje likar blod, hinner og natur kan la vere å trykke på play-knappen. Like etter opptaket kom det eit lam til så dette er ein trillingfødsel.

tysdag 20. april 2010

Beinhard opplæring.

Den unge dama i Drammen skal ikkje berre bli symester. Ho skal også bli bakemester og bademester. Det er ikkje små forventningar til ein liten kropp så her er det berre å stå på.
Bakemester:

Bademester:

Til slutt høyrer det med å beundre seg sjølv:

måndag 19. april 2010

Kursing i Drammen.

Etter påske har vi hatt dårleg Internett-forbindelse, men no er det fiksa igjen. I påskaveka tok vi ein liten tur til Drammen. Det betyr sjølvsagt beinhard kursing for Eldbjørg. Ho må jo lære seg til å bli like flink som bestemor.......
Full konsentrasjon med tunga midt i munnen på begge to.
Knappane er til å trykke på, og da skjer det kanskje noko.
Men symaskina har også flotte kikke-luker.
Eller kanskje symaskina kan brukast som klatrestativ.

Og når eg først har kome så langt...............................
......................så går det kanskje å kome heilt opp til taket.