Viser innlegg med etiketten Signe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Signe. Vis alle innlegg

måndag 27. februar 2012

Vinterferie i Malm.

 Siste helga i vinterferien drog vi frå vårlege Nordmøre til full vinter i Malm. Her var der det høge snøkantar.
 Nabohunden kom besøk.

 Vi bygde snøhole i vegkanten.
Cecilie kunne lage engel i snøen. Kvifor skal alle snøenglar ligge vassrett? Meir om dette i filmen, der vi først og fremst ser Eiliv på klatretur. 

 Sjølv om Signe ikkje var i toppform kosa ho både med nytt teppe og med katten.
 Eiliv fekk prøve seg på Cecilies ipad både med fargelegging og legging av puslespel.

tysdag 15. november 2011

Glimt av "Trønder"-barnebarna.

Vi ser stadig at vi ligg etter når det gjeld blogging om besøk hos våre barnebarn.  Først på oktober var vi på besøk i Malm.
 Her er det mykje "hage-gener" så da er det berre å videareutvikle dei også.

 Bestemor med Signe på fanget.
 Eiliv i "innemodus."

 Bestefar prøver seg på litt mating.
 Bestefar tok ein spasertur med "dobbel-dekkeren"
Signe prøver alle sjarmtriksa ved bordet.

måndag 7. mars 2011

Vintertur til Malm

I siste del av vinterferien kom vi til Malm.  Der fekk vi prøvekjøre den nye pulken som også kan brukast som vogn, spark og sykkelvogn.  Her var det plass både til Signe og Eiliv. 


Tøffing  med solbriller i lag med både mamma og bestemor.

Her blir pølsene grilla.
Bakgrunnen røpar at vi ikkje heilt har klart å kome oss bort frå sivilisasjonen.
Slik ser garden ut akkurat no, men her er det stadig i forandring.
Før vi dro sette Cecilie i gang for fullt med å prøve å lage vår. Her skal isen få motstand.
Bestemor og Eiliv leikar på sofaen.  Nedanfor er Signe tilskuar.

Vi treng ikkje ut for å dra på telttur. Til og med bestefar klarte å få sin stive kropp inn gjennom opningen, og så måtte eg jo også ut igjen.
Å leike med brillene til bestefar  - det er kjekt det. 
---- og ho har det kjekt hos mamma.
Til slutt måtte eg ta brillene av for å berge dei.  Dei ligg fine og nyslikka på armlenet.   ---- og der vart dei liggjande da vi dro.

tysdag 12. oktober 2010

Aktiv haustferie.

I første del av haustferien var vi til Malm. I tillegg til å vere besteforeldre vart det og tid til å delta i alt det som skjer på garden - alt frå fjøsbygging til sortering av lam, men det vart visst ikkje med på bilete. Viser elles til at Marit har laga ny heimeside for salg av bl.a. saueskinn. Link til denne sida står på vår blogg, eller gå direkte til: http://www.bergvoll.no/
Stolt bestefar i lag med Signe.

Storebror og lillesøster.
Eiliv.

Signe og bestemor.
I siste del av haustferien var vi på ekteskapsweekend med "Familiefokus" knytta til "Ungdom i oppdrag" på Frænabu. Akkurat som gamle bilar bør på reparasjon, er det greit å sende eit 36 år gamalt ekteskap inn til service.
Her er vi på tur opp mot Sjurvarden. Vi ser ut mot Hustadvika.

fredag 10. september 2010

Dåp i Malm.

29.august vart Signe Elise døpt i Malm kirke. Vi fekk også kome til eit hus som var så nytt at det ikkje var heilt ferdig ein gong. Dåp i Malm kirke. Eiliv og Cecilie lagar show for kvarandre og dei som sit rundt.

Her kjem ein serie med bilete sett saman med programmet "Photo-Story" og med tilsatt svært velbrukt musikk.


søndag 5. september 2010

Sommar i Nistua.

Når sommaren kjem ser vi fram til å få besøk, og dei som kjem vil gjerne kome når dei andre kjem. I år låg det til rette for at det store innrykket kom i august. No er det tid til å sjå tilbake på sommaren 2010. Vermeldingane var ikkje så gode, men det har da ikkje noko å seie når det blir finver likevel.
Signe hadde vi sett på fødeavdelinga på Levanger sjukehuset (også innlegg på bloggen), men ho har vokse mykje på 2 mnd.
Å lese bok er ein gjensidig kjekk aktivitet for bestemor, Jona og Eldbjørg.
Sommar er også tid for å lage litt show for barn i alle aldrar.
No kjem ein fotomontasje med kvart barnebarn.





Med alt utstyret i Cecilies sykrok er det ikkje så rart at diverse aktivitetar får ufalde seg. Det vart også eit flott resultat.

Nokon kjørte og andre fekk sitte på. Fordelinga går ikkje alltid etter alder.


Barne-TV.

Sandkassen var mykje i bruk.

Kjekt med ei hjelpande hand frå store-fetter.
Heile gjengen i sofaen.
Det vart fleire turar på Flæsa med svartkjel og svele-steiking.


Nokon ville like gjerna ha havre-fras.