Dei som gav oss 60-årsgave passa sjølvsagt på at dei skulle ha glede av presangen. Her blir huskestativet støpt fast.
..og her er alle tilskuarana på plass.
Laurdag 23.juli drog vi til Bortistu i Storlidalen for å feire. (Ja dette var dagen etter den spesielle dagen i Oslo og på Utøya) Cecilia kom heilt frå Chile for å vere med.
Vi har sat oss til bords i fjøset og skal spise badstustekt lammelår.
Den yngre garde set sitt preg på festen....
.....medan dei litt eldre held på plassen ved bordet.
Jona har fått spesialdessert.
Otto tykte dette var så kjekt at det burde bli ein årleg tradisjon.
Kaker smaker godt, både dei som er kjøpt og dei som ...
... og ikkje minst den som er laga av kakespesialisten Eivind.
Når barna skulle halde tale vart det det rippa litt opp i både det eine og det andre. Mammas litt spesielle kjøpevanar kunne her konkretiserast på ein anskueleg måte.
Storlidalen søndag morgon.
Roleg prat mellom frokost og heimreise.