Viser innlegg med etiketten Sebastian. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sebastian. Vis alle innlegg

måndag 5. mars 2012

Dåpshelg i Bergen

 Aldri for seint å lære seg å samarbeide, men vi såg snart at vi ikkje var utlærte enda.
 Picniq i Fantoft-skogen.
 Her var det også skattejakt. Skattekartet vart studert godt før vi begynte å gå.

 Eiliv og Marit testar ein kubbstol i skogen.
Kongen på haugen.
 ......eller einsam majestet i skogen.(Anna)
.......Men skatten ville fleire vere med på å utforske.

 Leikeonkel John Gudmund fekk attesten "Bedre enn sjokolade".
 Onkel John Gudmund og Sebastian.
 Anna har fått seg nytt koseteppe.
 Dokka har fått på seg dåpskjolen. Her i lag med Cecilie, Jona, Eldbjørg og Mathilde.
 Cecilie gløymer heller ikkje kua si.
 Jona med dåpsvatnet.
Sondre er døpt i Fridalen kirke. Og familien sette ein del preg på gudstenesta.
Sjå småglimt i videoen nedanfor.

 Dåpsselskap i Birkelundsbakken.
 Frå barnebordet.
Lyset for Sondre er tent.

søndag 1. januar 2012

Jul med familie og storm.

 Eldbjørg kom såpass tidleg at ho kunne vere med på litt baking.
 Her blir det store hjertet pynta.
 Bestefar og Eldbjørg bygger høgt tårn.
 Her blir juletreet pynta.
 Her er ei julegava pakka ut.
 Samarbeid om etinga.
 Onkel John Gudmund går rundt med Sebastian.
Natt til 2.juledag kom Dagmar på  besøk på Drøppingstranda. Straumen forsvann i eit par dagar. Fasttelefonen med Internett forsvann i mange dagar. Og det blir blir lenge før alt er reparert, men verst gjekk det med taket i Rakaneset.

 Eit lite tegn på kreftene i stormen.
 Ut i romjula var det Anna som rådde grunnen åleine. 
Her er det skapet med lys som skal ryddast. Det handlar også filmsnutten om.

tysdag 25. oktober 2011

Dåp i Drammensmarka.

Søndag 16. oktober var det klart for dåp i Tverken sportskapell i Drammensmarka.

 Her ser vi hovudpersonen Sebastian.
 På laurdagen var det hageselskap med grilling av heilt lam. Det var kjekt for ein sauebonde å vere med på dette for første gong.
 Medi passar grillen og John Gudmund passar Sebastian.

 ...... og her er lammet klart til servering.
 Etterpå er det Anna som blir beundra.
 .... og no er det bestefar sin tur til å ha dåpsbarnet (og ein ekstra fot) på fanget.
 Her er Signe klar til å dra ut i marka.
 Dåpskjolen er på plass.
 Det var til dels 3 passasjerar innover i marka.
 Vi kan nyte maten både før og etter gudstenesta i Tverken.
 Simon og Medi.
Besteforeldre som nyter dagen og kaffen.
 Dåpen.

 Etterpå skal dåpskjolen på ein gong til for å fotograferast....
....... og beundrast.

På laurdagen tok Cecilie på seg eit lite oppdrag med å lage reklamefilm for Kiwi saman med Eldbjørg.
Og så litt krabbing og sykling.

onsdag 24. august 2011

Ny barnebarn-tur til Drammen.

I helga var vi på barnebarn-tur til Drammen. Sebastian vart fødd 15.august.
 Bestemor har Sebastian på fanget.
 Men aller best er det nok hos mamma Gunnveig.
 ....og her er han hos bestefar.
 Og så var det familiebilete for lokalavisene i Sunndal: Gunnveig, Sebastian, Eldbjørg og Simon.
 Sebastian med og utan gjesp.
 Eldbjørg vil trille åleine.
 Søndag fekk vi går tur langs elva medan foreldrene kunne vere heime hos Sebastian.  Det tok ein og ein halv time å gå forbi dette treet, og tal kan bety så mangt. Hoppe "ein gong til" kan like gjerne bety å hoppe 40 gonger til.

 Eldbjørg og bestemor leika gjømsel på elvekanten.

Ikkje alle klarer å gjømme seg like godt.
 Barn og vatn heng alltid saman.  Da blir det fort to blåfarger på kjolen.
 Regnver kunne slett ikkje hindre at vi fekk ein fin tur.
Dataalderen hentar oss inn.  Lesebrett kan brukast både til å lese bok og å hjelpe Kubbe med å rydde før han kan legge seg.