torsdag 1. september 2016

Det klassiske Nord-Italia. Venezia og Verona.

Dogepalasset står som eit symbol på sjølve storhetstida og den posisjonen som Venezia og det Venezianske rike har i historia. Dette er presidentpalasset i Venezia.  Som det stod i ei bok: "Downingstreet 10 i London og det Det Kvite Hus i Washington blir som arbeidarboligar i samanlikning med dette. I dag er det ein enorm turistby. Men Venezia har også enorme utfordringar. I løpet av 100 år har byen sunke 23cm og havet har stige 11 cm.
Dogepalasset.

Den kjente Sukkenes bro. Dei som vart dømt sukka tungt da dei gjekk over frå rettssalen til fengslet, og nokon kunne trekke eit lettelsens sukk.
Cecilie på den store kanalen.
 Vi slepp ikkje unna moderne reklameplakatar i ein slik kulturby heller.
 Vi ser inn mot den store Markusplassen med klokketårnet, Dogepalasset og Markuskyrkja. 

 I følge legenden var evangelisten Markus misjonær i Nord-Italia og var knytta til Venezia. Han vart gravlagt i Aleksandria men da muslimane overtok her, begynte dei å rive kyrkjer. I 828 smugla derfor Venezianske kjøpmenn liket av Markus ut ved å legge det under ein haug med svinekjøtt. Han vart gravlagt på nytt i Venezia og Markuskyrkja vart bygd.
Det var så lang kø for å kome inn i Markuskyrkja at vi ikkje hadde tid til det.

 For oss som er vant til at byar og hus står på trygg grunn er det ganske spesielt å oppleve ein by der havet utgjer sjølve gatebiletet.






 Her går vi eit smalt smug/trong gate.....
 men plutseleg ender gata i ei "sjø-gate". Skal vi kome lenger, da må gondlane bringe oss vidare.

 Eg vart svært imponert over kor godt gondolførarane manøvrerte desse farkastonane borbi hushjørne, under bruer og forbi kvarandre.

 Nattopera i Verona må også reknast som ei stor oppleving av det klassiske Italia.

 Teatret er eit av desse som står igjen frå Romertida. 
Her er det mange kulisser som er så store at dei må løftast ut og inn med store heisekraner.
 Det skal vere plass til 15.000 i dette teatret, men det var ikkje fullt. Men dette biletet er likevel teke lenge før det begynte.
 Det var Aida av Verdi som vart framført.  Klipp frå Wikipedia:
Aïda ble mottatt med begeistring da den ble urframført i Kairo i 1871. Verdi var selv ikke til stede, men han uttrykte misnøye med det faktum at publikum besto av prominente inviterte personer, politikere og kritikere. Komponisten hadde ønsket at flere fra det vanlige publikummet var til stede. Han betraktet derfor den italienske (og europeiske) premieren som fant sted på La Scala-operaen i Milano den 8. februar 1872 som den «egentlige» premieren.
Han hadde dessuten skrevet Aïda-rollen spesielt for Teresa Stolz som sang den for første gang under premieren i Milano. Rollen som Amneris ble i Milano sunget av Maria Waldman som var Verdis favoritt til denne rollen. Verdi hadde også forespurt dirigenten Angelo Mariani som var Teresa Stolz’ forlovede, om å dirigere Kairo-premieren, men han avslo.
Under premieren i Kairo ble Aïda sunget av sopranen Antonietta Anastasi-Pozzoni. Rollen som kongen av Egypt ble sunget av Tommaso Costabass, mens Amneris ble sunget avmezzosopranen Eleonora Grossi. Radames ble framført av Pietro Mongini i Kairo og Giuseppe Fancelli i Milano. Amonasro ble framført av Francesco Steller i Kairo og Francesco Pandolfini i Milano. Ypperstepresten Ramfis av henholdsvis Paolo Medini og Ormando Maini.
Andre premierer:
Aïda er fortsatt på standardreportoaret og figurerer på 16.-plass blant de mest framførte operaer i Nord-Amerika. Det er gjort en rekke innspillinger av operaen
 Her ser vi Bård, vår reiseledar og sjåfør som står til venstre.  Klokka vart nesten 3 før vi var i seng den natta.
Glimt frå forestillinga. 

tysdag 30. august 2016

Om å kjenne att Sunndalen i Italia.

Bloggen blir ikkje bruka så mykje lenger, så da får det heller bli som ein rein reiseblogg.
For meg var vel bussturen til Italia mest å betrakte som eit overgangsrituale frå lærar/bonde til bonde på heiltid. Pensonist?  - Å nei da.
 Vi var lengst ved Riva del Garda attmed Gardasjoen i Nord-Italia.  Eit område med eit sterkt jordbruk og landbruksjorda er godt utnytta. Denne dalen med Alpene/Dolomittene i bakbrunnen er svært typisk for Nord-Italia.

Det var ganske mykje som minte om Sunndalen og meir skulle det bli.  Bratte fjell og flatt under fjella. Om kvelden kunne vi sjå to lys oppe i den bratte fjellsida.  Det var ei borg(nederste lyset) og nesten 600m oppe i den bratte fjellsida vart det eit kapell.  Sidan eg har sitte ganske lenge i buss var det godt å få på seg joggeskoa og bevege seg litt - så fekk Cecilie også handle i fred.

Her ser vi ein veg som går i svært bratt fjell frå Riva til ein nabolandsby.  Som Oppdølsstranda?
Oppe i den bratte fjellsida gjekk det store rør nedover til kraftverket.  Nesten som øra og "Korea".  Det var anleggsarbeidarane som hadde bygd kapellet.  Da eg begynte på dei bratte stiane forstod eg fort at kapellet heitte St. Barbara. 


 Over ser vi alteret i kapellet. Nedanfor fekk eg ein annan turist til å ta bilete av meg framfor kapellet Santa Barbara.

 Utsikt mot byen frå kapellet.

 Det vart ikkje mindre heimekjent når eg kunne lese "Hydro" på porten av ein tunnel som gjekk inn i fjellet attmed kapellet.
Dette er frå Borga lengre nede i lia.  Utsikt frå borga gjennom eit fengselsvindu.


tysdag 11. august 2015

Røros og utescener.

Turen fredag 7.aug begynte med utescena på Steinvikholmen. Her er det opera om Olav Engebregtson som blir framført. Forfattar Edvard Hoem og komponist Henning Sommero kan reknast som våre eigne.  Denne operaoppsetninga skulle kombinerast med feiring av 41 års bryllupsdag - litt på forskudd. Men så balla det på seg med mykje frå Røros.
 Det er fint med opera ute etter solnedgang. Sola blir erstatta av flomlys som er lettare å styre.

 Av og til blir det berre noko rart. Denne gongen balla det også på seg med litt speielle stolar. Her var ryggstø og stol elles spesielt store. Dette var på Scandic Hell hotell.
 Røros med si særegne historie og byggestil er det alltid kjekt å besøke. Det er ikkje for ingenting at dei er på verdsarvlista.


 Framsyninga av forestillinga "Elden" ved slagghaugane var også ei stor oppleving. Dette handlar om året 1718 da svenskane angrep Trondheim og Røros, og viser først og fremst det meiningslause med krig. Denne forestillinga starta kl. 21.30 og varte til over midnatt. Vi var heldige som fekk ophaldsver. Dagen før regna det.
 Vi fekk også med oss besøk i Olavsgruva. Dette er både ei gamal gruve frå 1600-talet og den som heldt på fram til slutten i 1977. Vi gjekk 1 km inne i fjellet.
 Her kunne vi også sjå på stolar. Dette er moderne kvilestolar på pauserommet i gruva frå 1950-talet.

 ..... og så kjem det nokre foto som viser at gruvegangane også har fine fargar og motiv.


 Ute i dagen var det igjen tid for å sette seg ned. Det går fint når Cecilie har med sin medbrakte stol.
Det var også muleg å finne seg ein bra sitteplass ved Vauldalen fjellstue ved svenskegrensa. Og når vi først var ved grensa måtte vi jo også gjere dette til ein utanlandstur.

 Ved Funäsdalen tok vi oss ein tur til fjells med gondol, pluss at vi gjekk eit lite stykke.

 Her var det også muleg å kvile på ein stol, men denne var både hard og spesiell.
 For nokon av oss som var interesssert i geografi i den gamle folkeskolen på 60-talet sit "Aursunden" spikra. Det er her Glomma, Norges lengste/største elv startar her. Det var ikkje så lett å få nærbilde pga av skogen. ..... og for nokon av oss var dette heilt utan nostalgiske minne, men spritstensilane blir hugsa......


Og så avslutta vi ved sparken på Tynset. Det gjekk greit å klatre opp. .....nedturen kunne godt vore filma...... og det var vel nokon som såg det.