Viser innlegg med etiketten Fjellturar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjellturar. Vis alle innlegg

onsdag 25. mars 2015

Tur til Trolltind.

Laurdag 21.mars vart ein evetyrleg fin dag. Da måtte eg berre rive meg laus frå saukløpping og gjekk ein tur til Trolltind. Både ver og føre var heilt topp. Lang stopp med matpakke i solhellinga og puddersnø.
Det var nysnø, men dette viser at eg ikkje var her åleine den dagen.  Men det var likevel litt interessant at eg var åleine utan randoneski. Det fine med å gå frå Jordalsgrenda er at det går an å kjøre bil så høgt at det er greit å ta på seg skiene ved bilen.

Det mest interessante på ein litt uvant plass er å sjå heimover der eg pleier å gå. Her ser vi mot Ålvundeid. F.v. Stortuva(ser ho nesten ikkje), Botnnebba, Nordviksula + Litj-Sulå, Rambjøra, Grånebba, Mohaugen, Grøvelnebba, Dronninga o.sv. 

 Her går kraflinja oppover mot Romsdalsskaret.

 På toppen av Trolltind. Eg har såpass med høgdeskrekk at eg gjekk på kne fram til postkassen og skreiv namnet mitt. Samtidig lar eg meg fascinere av slike toppar.

fredag 20. mars 2015

Verdsarven i eige fylke. Geiranger.

Ja, vi har vore i Geiranger før, men stort sett som bilturistar. Denne gongen starta det med at vi var på fylkesårsmøtet i KrF fredag 13.-laurdag 14.mars. Men da valgte vi å fortsette som fotturistar laurdag ettermiddag, og var verande på hotel Union til søndag.
Det er kanskje andre parti som er meir kjent for "Soria Moria", men nede i dalen ser det det i alle fall fristande å kome seg opp til sola.
 Sjølv om det var fine vegar som førte oss oppover den bratte lia, ser vi at alt ikkje blir rydda unna i verdsarvmiljøet heller.
 Sprek dame på flotte steinheller.

 Her ser vi ned på hotel Union der vi bur.
Her kjem vi opp på eit småbruk som ligg rett opp for hotellet. Ville fjell og kulturlandskap hand i hand er noko av særpreget i Geiranger.

 Utsiktspunkt der vi ser utover mot Ørnefjellsvegen, og ned mot hotellet.

Her var det så høgt og luftig at eg tok dette biletet med telelinse.
 Vi kan gjere oss mange tankar om dagens turistar og slitet hos dei som laga dette kulturlandskapet. Restar av fleire typar hesjer.

 Dronninga i kongerommet.
 I kjellaren på hotellet er det ei flott utstilling av bilar som har vore bruka til frakting av turistar. I tillegg var det ei god historisk framstilling av bygginga av vegen over til Grotli i perioden 1881 til 1889. Men turisttrafikken med store båtar var stor allerede midt på 1800-talet. At sjøen var ei viktig transportåre forstår vi bl.a. når vi får vite at den einaste vegen som er open om vinteren, Ørnefjellsvegen, ikkje vart bygd før i 1954.

 Søndag morgon. Frå hotellet kan vi sjå opp mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
I løpet av natta har det det også kome eit cruiseskip inn til Geiranger. Vi ser over mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
Klare til å fortlate Geiranger for denne gong, men vi kjem nok tilbake. Ørnesvingen med utsikt mot Geiranger der Cecilie står svært så avslappa. Det siste biletet tok Cecilie som bevis på at eg torde å stå utpå kanten der. Men eg held meg godt fast i rekkverket.

søndag 1. juli 2012

Trollkyrkja.

Trollkyrkja som ligg like ved Brandsætra, på grensa mellom Eide og Fræna, har eg lenge tenkt at eg skulle besøke.  Søndagen etter slektstemne hadde vi rusta oss med tur-tøy og "hau-løkter."
 Her har vi starta på turen oppover. 
 Trolsk foto frå infotavla.
 Her står vi i opninga der vi skal starte å gå 70m inne i fjellet. Det er mykje kalkstein i fjellet i dette området, og her har da elva vaska ut kalken.
 Lykt er ganske så nødvendig.
 Dagslys igjen. 
 Men det går inn igjen i nye holer.
 Juni med snøsmelting må vere ei flott tid for å sjå Trollkyrkja.
 Her ser vi ned i fossen som stuper inn i den mørke Trollkyrkja. 
Utanfor lyser den fotogene mogopen opp.
MEN: No har den våkne fb-venn og botaniker Kari Sødal gjort meg oppmerksom på at dette ikkje er mogop, men reinrose. Og ho har heilt rett.

laurdag 13. august 2011

Galdhøgpiggen.

På tur heim frå Bergen opplevde vi ein del av høgfjellet i landet vårt.  Eg kan ikkje heilt forklare kva som gjekk av Cecilie desse dagane, men det var ho som foreslo å setje opp teltet på Sognefjellet måndag 1.august.
Dette er ein del av "baklengs blogging frå sommaren". Det kjem meir og enda har vi ikkje kome til barnebarna frå i sommar.

 Tidleg neste morgon var vi oppe for å ete frokost og kjøre til Juvasshytta.
 Ved Juvasshytta skulle vi starte på bretur til Galdhøgpiggen kl. 10.00. Vi var slett ikkje åleine på turen.
 Det var spørsmål etter nokon som var "tøff nok" til å bære tau dei 3 km innover til brekanten.
 Her ser vi ei gruppe som går over breen innover mot Galdhøgpiggen.
 Her stiller vi oss opp klar til avgang.
 Breen er stadig i forandring. Her går vi attmed ein sprekk.
 På veg opp mot toppen er det rein steinur. Det er slett ikkje det beste underlaget for Cecilie, men her må vi berre stå på. "Toget" skal tilbake på avtalt tidspunkt.  Vi fekk låne stavar på Juvasshytta.
 Det mangla ikkje på utsikt og fjelltoppar.


 Det var nokså folksomt på toppen medan vi var der oppe.  Her ser vi "bua" på toppen.
 På fjellryggen på turen nedover.
Midt blant alle dei lyse steinane var det også ein som var heilt svart. 
Her kjem ein liten film frå vandringa på breen.  Det er også eit lite glimt av rein som vi såg like før vi kom til Juvasshytta.
Etterpå var vi ganske slitne i beina, og vi hadde slett ikkje lyst til å liggje i telt. Så da vart det middag og overnatting på sjølvaste Elveseter hotell i Bøverdalen. Oppmjuking av beina i svømmebassenget før frokost neste dag var også godt.

torsdag 2. juni 2011

Vardhaugen.

I dag på Kristi himmelfartsdag hadde vi årets første fottur til fjells.  Da kunne eg også sjekke at nokre sauer var komne over til Ålvundfjordsida og gjekk ved steinhytta.  Sjølv om vi har gått til Vardhaugen før er det stadig nytt å sjå og oppleve langs kjente stiar.  Vi var litt spente på korleis leggen til Cecilie ville fungere med innleggssolar. Det gjekk bra, og vi kom til Vardhaugen.

 Martinus Frøland sa det slik: De e dei støggast trea som e finast.

 Skjegg på trea er eit tegn på ganske rein luft. I Midt-Norge blir det mest skjegg for vi er langt både frå Russland og Tyskland.
 Rett fram er kortast, men kanskje ikkje nødvendig vis finast.
 Mose på osp.
Kva som er vakkert er elles svært så subjektivt. For meg er det vakkert å sjå at Cecilie går mot Vardhaugen.  Nesten som musikk i mine ører ...... som kjem nedanfor.