Viser innlegg med etiketten Drøpping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Drøpping. Vis alle innlegg

måndag 4. august 2014

Sommar 2014 Nistua.

Sommaren 2014 er snart over. Han vil nok gå over i historia som ein varm finverssommar.  Derfor var vi mykje på Flæsa.
Drammensgjengen var først ute i år.  Da fekk vi god tid til å kjøre traktor i ulike størrelsar.  Siste dag før avreise hadde vi ei lang stund med å kaste store og små steinar på elva.
Eldbjørg viste svært stort tålmod og interesse for den nye katten, Chewey.
På tur til Øverlandet.
 Anna hadde med seg kopplamma til Drøpping. 
 Bestemor hadde fleire medhjelparar i matlaginga.

 Det nye barnebordet var stadig i bruk.
 Tante Marie sette i gang med å bygge disser på Flæsa og dei var mykje bruka.
 ......... ikkje av alle da.

 Varierte aktivitetar på Flæsa i tillegg til bading.

 ....... og nokon kledde litt ekstra på seg før dei bada.
 Men da isbilen kom på besøk gjekk alla barna heilt amok.
 ........ etter leggetid .....
Pizza på langbordet.
 Klatre- og dissestativ.
Bestmor brukar lokkemat for å få med seg kopplamma på å gå rette vegen.
 Sofaen var stadig under ombygging.
Loftstua var ein del i bruk sjølv om det var mykje finver.
Her ser vi film om Oda frå fjellgarden, 
og ein dag var vi til Nauståfossen. Nokon gjekk heilt innunder fossen.
Til slutt eit bilete som ikkje har noko med barnebarn å gjere.  Vi var ein tur til Smøla for å sjå på Gurispelet.

søndag 28. april 2013

Sein vår er også fin vår.

Dei første som finn hestehov m.m. skriv gjerne om det fjesbok eller blogg.  Men våren er fin når han kjem - uansett når. I mi bok om vår og ver har eg notert hestehov på Drøpping 10.april i 2009 og 13.april både i 2008 og 2011. Ingen å sjå i dag 28.april. (Eg har jo sett hestehov andre plassar - både på fjesboka og i levande live)  Kvitveis har vi heller ikkje sett enda - notert til 10.april i 2009 og 18.april i 2011 - på dei same -"tidlegaste" plassane.
Men vi har hatt blåveis ei stund. I år fann Cecilie den første blåveisen 22.april. (I hagen).
 Blåveisen har vi altså i hagen. Han er vel i si tid importert frå sørlandet av svigerfar, men kjem att år etter år. I dag kan vi telle 9 stk.
 Blåfarga skil seg ut frå det andre som er brunt og grått.
 Påska er ferdig, og da er det vel typisk for dette året at påskeliljene blomstrar no.
 Klosterklokkene kan trenge seg opp av snøen. No tittar dei i alle fall opp av telen.
Krokusen pleier også å vere ein tidleg blomst i hagen.

måndag 1. april 2013

Påskeaktivitetar.

Påska 2013 vart prega av fint ver, barn, svigerbarn og barnebarn, og det meste foregjekk heime, ute og inne.
 Før dei andre kom hadde Marie, Nils Ingar, Anna og eg ein fin dag i skileikområdet, inkludert grilling.

 Her fekk Eldbjørg og Sebastian prøve stor-traktoren saman med bestefar.

 Svelesteiking skjer ofte på Flæsa, men det fungerer også godt heime på nyutsett hagebord.
 Anna og Simon ser på at alle brillebyttingar får rett for seg.
 Liten og mellomstor traktor blir prøvekjørt på vegen.
 Malm-gjengen nyt vår-sola.
Grilling i hagen høyrer også med, og viss vi ikkje er enige om kvar bålet skal vere, så går det greit å flytte eit bål.
Marthe ledar cup-cakes-aktivitetane.

 Sauene skal også ha mat. Eldbjørg og Anna matar sauene.

 Leiting etter påske-egg er ein fast aktivitet på påskelaurdag. Her er det Marthe og John Gudmund som har funne både Bjørnar og påskeegga.
 Her har Signe, Eiliv og Sebastian funne sine egg. 

 På laurdagen vart også egga til 1.påskedag måla.
Bestemor las nok bok mest, men her har bestemor knipsa bestefar saman med Eiliv og Sebastian.

2. påskedag tok Bjørnar på seg dåpskjolen igjen for å bli "årntlig" fotografert, og her har bestefar spionert på fotograferinga.
2.påskedag kunne eg også dra til fjells for å forberede sommaren ( i tillegg til litt ski-abstinens).  Tråkkemaskina i Børsetlia har kjørt 4 bøtter med saltseinar nesten til Stortuva. Her skal dei henge i to master på kraftlinja. To av steinane vart hengt opp, og to skal stå i reserve til sauesesongen startar.

onsdag 26. desember 2012

Flæsa eit år etter Dagmar.

I dag, på andre juledag 2012, er det eit år sidan Dagmar herja rundt omkring her.  Dette er først og fremst eit innlegg for å vise forandringane for dei som allerede er lokalkjente.  Dei sore forandringane kom tydelegare fram etter at hogsmaskine no i haust var her og rydda etter stormen.   
 Frå Skarvhammaren kan vi no sjå ned på Flæsa slik vi gjorde i min barndom. I mellomtida har det vore tett granskog her.
 Her er vi midt i Flæsabakken og ser ned på Flæsa. Vi ser nausta i bakgrunnen.
 Her ved telofonstolpe nr. 10 stod vi og sette på oss ringane nyttårsaften 1972. No heng resten av stolpen og svevar i lause lufta, og telefonledninga ligg enda på bakken fleire plassar.
 Utsikt frå nausta opp mot Skarvhammaren.
 Sett frå det ytterste Flæsaberget. Utsikt i same retning.
Her ser vi frå Flæsa ut mot Vikan. Her er også store granskogar borte.