søndag 28. november 2010

På besøk til Anna m. fl. i Bergen.

Besteforeldrene møttes i Bergen på "visning" nest siste helga i november. Anne Marie og Bjørn var klar til å dra den dagen vi kom.
Her er det bestemødrene som beundrar lille Anna som vart fødd 24.okt på sjøvaste FN-dagen og sørga for å kome først i rekka av bursdagar i familien. Mamma held seg forsiktig i bakgrunnen.
Her er ho med raudt hår og rosa hårklemme.

Foreldra fekk også lov til å halde henne for å ta bilde. Eit tilsvarande bilete er sendt til VL, Romsdals budstikke, Driva og Aura Avis denne veke.

Anna og stolte besteforeldre.

På besøk hos Cecilie får vi tilmålt og servert sterk kaffe.
Cecilie har nettopp lært seg å sjå på TV. Iveren er dermed litt sterkare enn hos dei som har holdt på ei stund i faget.
Bestefar får lese bok for Cecilie og Jona.
Søndagsmiddagen må også lagast så her er kokken i gang med steiking av kylling til storfamilien. Etterpå vart det kaffe og fly tilbake til Kvernberget søndag kveld.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Mange koselige bilder fra ei flott helg!Gleder oss til besøk igjen om ikkje så lenge!
-c-

Anonym sa...

Så triveleg å sjå litt frå Storfamilien. Nydelege barnebarn og søte besteforeldre!! Og så vakkert eit namn på sist ankomne! Gratulerer igjen!
Anna Mette.

Nils Ingar sa...

Takk for besøk, det var stas:)