torsdag 29. mars 2007

Roleg dag i Cusco.


I dag har vi hatt ein roleg dag i Cusco, litt besok paa museum og konditori for aa feire dagen. Vi kom tilbake med toget fra MachuPicchu i gaar kveld. Det er eit tog som gaar ganske seint, og det gaar fram og tilbake for aa kome opp dei brattaste bakkane. MachuPicchu er jo mykje prega av massetursime. Den som vil lese meir med eit kritisk blikk paa masseturismen kan sjaa linken til "Vespatilhengar".

Sjolv er eg ganske opptatt av steinmurar og dei er flottare i eit par andre anlegg enn MachuPicchu. I dag har vi ogsaa sett mykje flott vev og anna handverk fraa Inka-tida. Cecilie er mest fagleg kompetent til aa vurdere dette, og ho er imponert.

2 kommentarer:

Lady Ingunn sa...

Hallo, Arne og Cecilie!
No har vi hatt høgtlesing frå bloggen dykkar i klassen, og elevane lurte mest på korleis marsvinet vart tatt av dage... Og kvifor sig den byen - var det Cusco skal tru?
Programfesta gjekk bra i følgje alle som var til stades. Diverre vart det vanskeleg for meg, men generalprøva var veldig bra.
No ynskjer vi dykk ei riktig god påske, og sidan vi har godver, så får vi ynskje dykk det same:)

Beste helsing Ingunn og 6. og 7.klassingane

arnedro sa...

Vi veit ikkje korleis marsvinet vart tatt av dage.
Det er fjelltoppen ved MachuPicchu som sig. Det er fordi det er saa mange turistar. Akkurat til den toppen er det sett ei grense paa 400 personar pr. dag, men resten er fritt tilgjengeleg. Det er laagsesong no, med berre 1000 turistar pr. dag.