onsdag 28. mars 2007

Sjölvaste MachuPicchu paa Marits bursdag.







Takk til alle lesarar. Skriv gjerne kommentar. Telleverket har no kome til 384 sidan ca. 20 febr og har auka no under turen.

I dag kom vi altsaa til MachuPicchu. Det gaar ann aa gaa hit paa 4 dagar, men vi valgte det late alternativet. D.v.s tog fraa Cusco nedover ein ganske vill dal. Der toget stoppar tok vi buss opp ein Trollstig-liknande veg utan glidekantar. Eg sat ved vindauget paa tur opp, men Cecilie overtok denne paa tur ned - ho meinte det var best slik.
Bileta viser Cecilie paa MachuPicchu. Vi ser ogsaa at lama er kjekke aa ha som plenklöpparar. Sjaa paa den praktiske trappa i muren. Paa biletet av meg kan de legge merke til kor gode dei var til aa bygge murar - ja saa gode at forskarane enda ikkje forstaar korleis dei klarte alt dette. Dette biletet er teke paa eit anlegg naer Cusco.
Vi har allerede sett mange flotte restar fraa Inka-tida men det er nokre ting som er spesielt her
- den ville naturen og den utilgjengelege plassen.
- dei som budde der römte da spanjolane kom, og plassen har vore glöymt fram til 1911.
- av den grunn grunn brukte heller ikkje spanjolane steinane til andre bygg.
- derfor er denne plassen spesielt godt bevart.

Ingen kommentarer: