fredag 30. mars 2007

Marked og handledag i Cusco.




I dag har vi hatt guida tur paa markedet i Cusco, med vaar spanstalande guide. Vi har sett(mest) og kjopt litt ulike typar mat. Det er mange typar frukt her, og mange "rare" potetsortar.

Til bileta: Den strore katedralen ligg like ved hotellet vaart saa her gaar vi forbi ofte. Cecilie og eg sette oss paa ein benk i parken her. Da var vi snart saa omsverma av av div. selgarar at politiet fann ut dei skulle hjelpe oss til aa faa fred. Vi har ogsaa sett politiet i aksjon i samband med eit par demonstrasjonar av politisk art. Den eine saag ut til aa vere organisert av fagforeningar og den andre av studentar. Vi ser i alle fall at det er mange som har det vanskeleg her, t.d. modre med smaa barn som gaar ute paa gata til seint paa kveld, for aa selge smaating for aa ha litt inntekt.

Vi har ogsaa vore i katedralen paa omvising. Eg har tidlegare skrive om at marsvin er heilt toppers her. Det er eit stort bilete i katedralen fraa skjaertorsdag der Jesus og laeresveinane et marsvin.

Biletet 2: Cusco by night fekk vi oppleve da vi kom med toget fraa Machu Picchu. Dette er jo den store turistbyen i Peru (Sor-Amerika)

Det er ikkje alltid like lett aa faa bileta vaare paa nettet. Mitt nye videokamera, som ogsa tek enkeltbilete, er kanskje for nytt. I gaa gjorde eg i alle fall det heilt store. Naar det ikkje fungerer gjeld det aa prove nokre knappar, og det er ikkje saa lett naar forklaringane er paa spansk. Dermed sletta eg alt paa den eine DVD-plata som inneheldt videoen fra MachuPicchu. ---- Ja, ja, men vi har minna, kort og ein del vanlege digitale foto.
Naar eg tenkjer paa alle dei vi har mott representerer vi 4 dei typiske turistane. Dette er ikkje plassen for barnefamiliane. Dette er plassen for dei unge uetablerte som reiser rundt i verda, og for dei godt vaksne.
Det aa gaa paa restauraurant blir som ein vane ein til 2 gonger om dagen. Prisane er fraa mykje til ein del rimelegare enn i Norge. I gaar hadde vi ei ekstra feiring med flott middag og da kosta det 100 kr. pr. person. Paa turistmeny kan vi faa rikeleg med bra mat for 30 kr (+ drikke) I morgon reiser vi til Lima, og sa vidare med eit ganske stramt program, men det var godt med desse to rolege dagane i Cucco.

Ingen kommentarer: