søndag 1. april 2007

Tilbake til laaglandet og Lima.

(Bilete: Lima ut mot Stillehavet)
Lima ligg ved havet medan Cusco var paa 3300 m.o.h. Som ein kuriositet kan eg nemne at ei halvfull vassflaske i sekken var nesten flattrykt da vi kom til Lima med flyet. Inne i flaska var det jo framleis berre Cusco-trykk. Det at vi fekk ha med oss vassflaska viser ogsaa at sikkerhetsvaktene legg vekt paa ulike ting.(Vassflaske blir besglagt i Norge) Men naglefila til Cecilie som vart godkjent i internasjonal luftfart, vart besaglagt paa innanriksflyet her.
I kveld har vi vandra i eit kjopesenter som ligg ut mot Stillehavet. Det var nokon som bada, nokon sveva i hangglider, nokon gjekk pa mannequien-oppvisning og vi aat paa Burger-King etter lang tid med Alpakka, marsvin o.l. Vi bur i den rike delen av byen som er ein moderne storby. Lima har dobbelt saa mykje folk som Norge, og arbeidsledigheten er svaert stor. Denne delen av byen er prega av vellykka foretningsfolk som ser ut til aa ha god raad. Fraa flyet saag vi ogsaa mykje slum.

Ingen kommentarer: