måndag 26. mars 2007

Cusco og Inka-riket.




Inka-riket og den kinesike mur har for meg vore 2 stor reisemaal. Eg kom til den kineske mur for noke aar sidan og no er er eg midt Inka-riket. Vi er i Cusco.
I gaar var vi i det som blir kalla den heilage dalen. I morgon skal vi paa ein to dagars tur til MachuPicchu og saa tilbake hit til Cusco. MachuPicchu er den mest kjente plassen, men det vi allerede har sett er svaert imponerande. Kulturen er saa mektig at det nesten ikkje er til aa tru. Noko av det som imponerer:
- korleis dei planla og styrte eit stort rike utan skriftspraak.
- korleis dei frakta store steinar opp og ned hoge fjell.
- korleis dei bygde med nöyaktig tilhogne steinar.
- korleis dei dei dyrka jorda og utnytta fjellsidene med terassar.
- korleis dei utvikla nye plantesortar i eit antal som verda ikkje kjenner maken til. (Poteten har vi jo fraa dei, men dei har fleire hundre potetsortar, tilpassa ulike miljö)
-dyrkbar jord hadde alltid försteprioritet, saa bodde dei der det ikkje kunne dyrkast mat.
-dei hadde eit enormt vegnett som bl.a var brukt til aa transporteere mat og sikre lager for aartider i tilfelle daarlege tide.
Stort sett levde i fred, men dei kunne ogsaa vere svaert brutale, saa det skal heller ikkje leggast skjul paa bl.a. menneskeofringar.
Den katolske kyrkja staar stekt her men det er mykje blanding av kristendom og gamal Inka-tru. Det blir jo ogsaa litt spesielt naar kyrkja kom hit i lag med vaapenmakta. Det er mange flotte kyrkjebygg fraa 15- og 1600-talet. Det ser ogsaa ut som folket sluttar opp om kyrkja.
Eg forstaar ogsaa at det var stor motstand i denne delen av verda at det var Europa laga eit stort 500-aarjubileum for at Columbus "oppdaga" Amerika. Det var faktisk nokon som visste at dei var her för Columbus og Pizarro kom. Eg trur ikkje dei var i tvil ein gong.