I helga var vi på barnebarn-tur til Drammen. Sebastian vart fødd 15.august.
Bestemor har Sebastian på fanget.
Men aller best er det nok hos mamma Gunnveig.
....og her er han hos bestefar.
Og så var det familiebilete for lokalavisene i Sunndal: Gunnveig, Sebastian, Eldbjørg og Simon.
Sebastian med og utan gjesp.
Eldbjørg vil trille åleine.
Søndag fekk vi går tur langs elva medan foreldrene kunne vere heime hos Sebastian. Det tok ein og ein halv time å gå forbi dette treet, og tal kan bety så mangt. Hoppe "ein gong til" kan like gjerne bety å hoppe 40 gonger til.
Eldbjørg og bestemor leika gjømsel på elvekanten.
Ikkje alle klarer å gjømme seg like godt.
Barn og vatn heng alltid saman. Da blir det fort to blåfarger på kjolen.
Regnver kunne slett ikkje hindre at vi fekk ein fin tur.
Dataalderen hentar oss inn. Lesebrett kan brukast både til å lese bok og å hjelpe Kubbe med å rydde før han kan legge seg.
2 kommentarer:
Fin familie:)
ein og ein halv time å gå forbi eit tre, skal sei de er tolmodige besteforeldre...!
Vi gleder oss til vi og får helse på Sebastian!
Legg inn en kommentar