onsdag 4. april 2007

Prosesjon, Pisco og Nasca

Sidan eg sjölv var heilt ukjent med blogg for 2 mnd. sidan kan eg skrive litt om korleis du kan kommentere paa bloggen. Vi tykkjer det er hyggeleg med ei helsing fra Norge.
Trykk med musa nedanfor teksten der det staar "kommentarer". Der har du tre valg. Du maa ha bloggside sjölv for aa bruke "blogger", men dei to neste kan alle bruke. Andre/other kan brukast viss du skriv eit namn under, elles kan du bruke anonym.

Vi fekk dobbel dose med palemsöndag. Etter ein busstur paa litt over 3 t. mot sör fraa Lima kom vi til Pisco. Der fekk vi oppleve mykje folkeliv. Det virka som alle var ute i gatene. Cecilie og eg var paa ei messe som avslutta kl. 21. Da kom ein prosesjon med Jesus paa eit esel og jomfru Maria opplyst pa eit baeresystem med aggregat. Begge vart sett paa plass i ein monter i kyrkja. I og med at vi allerede var paa messa fekk vi oppleve alt paa naert hald. Vi hadde tidlegare vore ute i gatene, men da var det problematisk aa sjaa fordi det var saa mykje folk. Elles la vi vi merke til at prestane gjekk ut straks messa var slutt. Det var tydeleg at dei ikkje hadde noko med prosesjonen aa gjere.









Maandag var vi til ei fugleglöy, som ogsaa hadde sjölöver utanfor Pisco. Vi segla gjennom den porten som du ser pa det eine biletet. (Elles kan eg anbefale fleire bilete paa sida til Gunnveig og Simon - "vespa") I Nasca var vi oppe i fly for aa sjaa pa bileta i örkenen som er omlag 2000 aar gamle. Eg begynte med aa filme, men matte i staden konsentrere meg om meg sjölv naar flyet la seg paa sida og svinga rundt dei ulike bileta. Det er ulike teoriar om desse bilete. Dei har nok noko med kva denne kulturen visste om vassaarene som förer ned fraa Andesfjella, men det er nok ogsaa mykje meir, baade religiöst og astronomisk. Bilete vises jo best ut mot verdensrommet og dei hadde ikkje fly.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Då var vi tilbake frå ymse påskeleirar og er klare til å komentere igjen:) Skal prøve å få tatt ein innhogg i snopet på mellomrommet før de kjem tilbake, men kroppen sett sine naturlege begrensingar... Hell og lykke viare:)

Anonym sa...

OK, vi tok hintet...

Her har eg berre sett eit par duer dei siste dagene, og Håvard er normalt så flink til å kjøre bil at eg ikkje blir kvalm.

Robin nyter bylivet, og tisser minst femten ganger på kvar tur.

Anonym sa...

F0ler jeg burde slenge paa en ny kommentar her. Men med ny teknologi innebaerer det ofte et par feil i ny og ne.

-Hvor mange innlegg har du slettet underveis og ikke ment det?
-Hva skjedde med filmen fra Machu Picchu? Den du formaterte paa ny.
-Har du faatt overf0re noen bilder fra ditt eget kamera?


Vel, til tross for stor motgang og all tekst paa spansk. Maa jeg si at du har klart det veldig bra Arne!

Hilsen din 1.Svigers0nn.

arnedro sa...

Kjekt aa höre at Robin har det bra. Kanskje han ikkje vil tilbake til landet igjen?

Anonym sa...

Ser at diktatur herjer paa bloggen. Sensur av vaerste sort! Hele verdenspressen lurer paa hvor mitt f0rste innlegg ble av!!!
Er det slik det skal vaere saa blir det represalier!!!