søndag 26. mai 2013

Start på grillsesongen.

Etter ein trimtur til Seljebøvatnet fekk eg overtala Cecilie til å bli med på å starte på grillsesongen.
 Det var indrefile av gris som vart lagt på grillen i dag. Det makte heilt fortreffeleg.
 Det var god temperatur på grillen, men utanfor var temperauturen ikkje riktig så høg.

Men vi kan i alle fall seie at grillsesongen i gang.

søndag 19. mai 2013

Vårslepp av sauer og lam.

Når sauene ikkje er ute til 17.mai er det sein vår. Men 18.mai var det kunngjort vårslepp. Nokre tilskuarar hadde også møtt opp.
Dei lurer nok på korleis det blir å kome ut.
Her kjem ein film(som ligg på YouTube under "arnedro") om Vårsleppet.







torsdag 9. mai 2013

Kaffe, sau og mimring.

Når kaffe, sau og mimring kan kombinerast må det bli ein bra bursdagspresang.  Eg er glad i kaffe, men eg opplever at kaffen i presskanna blir litt for fort kald. Det har Cecilie løst for meg i dag. Og attpå til ligg det mange gode minne frå ferieturen i sommar. Det var Ganntur til Shetland, Færøyane og Orkenøyane. Der kunne vi sjå mange sauer og Cecilie plukka ulldottar.
Korleis ho har utført arbeidet er nøye forklart på hennes "lappeblogg." Eg har jo fast lenke dit på min litt meir familiære blogg.
Men her er også ei direkte lenkje.

søndag 28. april 2013

Sein vår er også fin vår.

Dei første som finn hestehov m.m. skriv gjerne om det fjesbok eller blogg.  Men våren er fin når han kjem - uansett når. I mi bok om vår og ver har eg notert hestehov på Drøpping 10.april i 2009 og 13.april både i 2008 og 2011. Ingen å sjå i dag 28.april. (Eg har jo sett hestehov andre plassar - både på fjesboka og i levande live)  Kvitveis har vi heller ikkje sett enda - notert til 10.april i 2009 og 18.april i 2011 - på dei same -"tidlegaste" plassane.
Men vi har hatt blåveis ei stund. I år fann Cecilie den første blåveisen 22.april. (I hagen).
 Blåveisen har vi altså i hagen. Han er vel i si tid importert frå sørlandet av svigerfar, men kjem att år etter år. I dag kan vi telle 9 stk.
 Blåfarga skil seg ut frå det andre som er brunt og grått.
 Påska er ferdig, og da er det vel typisk for dette året at påskeliljene blomstrar no.
 Klosterklokkene kan trenge seg opp av snøen. No tittar dei i alle fall opp av telen.
Krokusen pleier også å vere ein tidleg blomst i hagen.

tysdag 23. april 2013

Vårens vakraste eventyr med litt kaotisk start.

Lamminga har så vidt starta. Første termin var på laurdag, men det vart ikkje lamming før natt til måndag. Da starta det fort medan eg sov ei lita stund.  Mødre kan vere svært forskjellig. Da eg kom dit hadde det kome 4 lam frå to mødre. Den eine hadde slikka og ordna opp med alle lamma. Ho viste tydeleg at alle er "mine lam."  Den andre stod forsiktig hjørnet og gav seg heilt ut av det heile.
Eg måtte gjere eit valg fort, og tok den forsiktige sauen ut saman med eit lam.  Ho stanga ikkje lammet, men brydde seg heller ikkje om.  Det viste seg at det gjekk bra.  Den andre hadde da 3 lam.  Seinare fødte ho 3 lam til, eit var dødt.  I ettertid TRUR eg at ein sau har fått 4 lam og ein har fått 3.
No har den eine sauen 5 lam rundt seg, men eg har planer om å ta ut 2 som kopplam etter nokre dagar.
 Her ser vi nokre av lamma.
..... og her er alle fem, met kvalitetet på biletet er ikkje så bra.


Her ser vi litt av dei 5 lamma (på YouTube)

måndag 1. april 2013

Påskeaktivitetar.

Påska 2013 vart prega av fint ver, barn, svigerbarn og barnebarn, og det meste foregjekk heime, ute og inne.
 Før dei andre kom hadde Marie, Nils Ingar, Anna og eg ein fin dag i skileikområdet, inkludert grilling.

 Her fekk Eldbjørg og Sebastian prøve stor-traktoren saman med bestefar.

 Svelesteiking skjer ofte på Flæsa, men det fungerer også godt heime på nyutsett hagebord.
 Anna og Simon ser på at alle brillebyttingar får rett for seg.
 Liten og mellomstor traktor blir prøvekjørt på vegen.
 Malm-gjengen nyt vår-sola.
Grilling i hagen høyrer også med, og viss vi ikkje er enige om kvar bålet skal vere, så går det greit å flytte eit bål.
Marthe ledar cup-cakes-aktivitetane.

 Sauene skal også ha mat. Eldbjørg og Anna matar sauene.

 Leiting etter påske-egg er ein fast aktivitet på påskelaurdag. Her er det Marthe og John Gudmund som har funne både Bjørnar og påskeegga.
 Her har Signe, Eiliv og Sebastian funne sine egg. 

 På laurdagen vart også egga til 1.påskedag måla.
Bestemor las nok bok mest, men her har bestemor knipsa bestefar saman med Eiliv og Sebastian.

2. påskedag tok Bjørnar på seg dåpskjolen igjen for å bli "årntlig" fotografert, og her har bestefar spionert på fotograferinga.
2.påskedag kunne eg også dra til fjells for å forberede sommaren ( i tillegg til litt ski-abstinens).  Tråkkemaskina i Børsetlia har kjørt 4 bøtter med saltseinar nesten til Stortuva. Her skal dei henge i to master på kraftlinja. To av steinane vart hengt opp, og to skal stå i reserve til sauesesongen startar.

onsdag 27. februar 2013

Privat leir og dåp i Bergen.

Søndag 24.februar var vi samla til dåp i Bergen frikirke. Her har vi Bjørnar i lag med pastor, foreldre og fadrar. 
Her er Bjørnar klar til neddykking.
Bjørnar har fått på seg dåpskjolen. Her i lag med pappa i nordmørsbunad.

Cecilie testar svingradiusen i vestibylen i frikirka.

 Men før vi samla oss til dåp hadde vi allerede vore saman frå fredagen på ein leirstad like ved flyplassen på Flesland.
.
 Eldbjørg og Cecilie finn mykje spennande i naturen.
 Storsamling med albuesjell.
 Anna i sofaen på leirstaden.
 I naturen kunne vi både klatre og nyte finveret ute på berget.
 Inne kunne barn og barnebarn kombinerast med div.duppedingsar.



 John Gudmund og Marthe.

 Bestefar og Sondre både ute og inne. 
 Eldbjørg og Cecilie laga stadig show.
 I ein lavo hadde vi grilling på fredag.

 Nina ute i kajakk.
Med kano og kajakk kom vi også ut på ei lita øy med to sauer. 
Har også ein del filmsnuttar frå helga, så kanskje dukkar det også opp litt filmar etter kvart.

måndag 18. februar 2013

Vintertur til Nord-Trøndelag.

Vi kan vel snart seie at det er ein vane å dra til Malm på vintertur. Sjølv om det ikkje var så mykje snø som i fjor, så var det i alle fall meir snø enn på Nordmøre. 
 Signe og mamma.
 Eiliv.
Eiliv og bestefar hadde det kjekt med snow-raceren.
 Bestemor kan lese bok frå kvilestilling.
 Eiliv og  bestemor lagar cup-cakes.
Håvard les bok for Eiliv og Signe. 
Bestemor er trollet under brua når bukkene Bruse skal over.

 Bestefar og Eiliv laga animasjonsfilm, og her er det "rulleteksten" som er klar.

 På heimturen hadde vi ein liten stopp i Trondheim og hadde normal tid til siste ferge, men det var slett ikkje normale vegar i Rindalen. Da vi kom til Surnadal var det våt superglatt is. Da kunne ikkje tidsskjemaet halde. Vi endte derfor blant "kjente" på Vårsøg hotell.