søndag 28. april 2013

Sein vår er også fin vår.

Dei første som finn hestehov m.m. skriv gjerne om det fjesbok eller blogg.  Men våren er fin når han kjem - uansett når. I mi bok om vår og ver har eg notert hestehov på Drøpping 10.april i 2009 og 13.april både i 2008 og 2011. Ingen å sjå i dag 28.april. (Eg har jo sett hestehov andre plassar - både på fjesboka og i levande live)  Kvitveis har vi heller ikkje sett enda - notert til 10.april i 2009 og 18.april i 2011 - på dei same -"tidlegaste" plassane.
Men vi har hatt blåveis ei stund. I år fann Cecilie den første blåveisen 22.april. (I hagen).
 Blåveisen har vi altså i hagen. Han er vel i si tid importert frå sørlandet av svigerfar, men kjem att år etter år. I dag kan vi telle 9 stk.
 Blåfarga skil seg ut frå det andre som er brunt og grått.
 Påska er ferdig, og da er det vel typisk for dette året at påskeliljene blomstrar no.
 Klosterklokkene kan trenge seg opp av snøen. No tittar dei i alle fall opp av telen.
Krokusen pleier også å vere ein tidleg blomst i hagen.

1 kommentar:

Marie sa...

kosleg innlegg. vi lengtar mot meir vår i Bergen òg.