laurdag 31. juli 2010

Div. tillegg frå Tyskland og Sveits.

Her er det lagt til litt etter kvart over ein periode på to-tre veker.
Det var mange spennande hus å sjå i Sør-Tyskland. Nokre er også frå Sveits. Dette skeive hotellet i Ulm kan stå som representant for desse husa.

Nedanfor kjem det ein foteserie med ulike hus.

Nedafor er det ein filmsnutt frå Tyskland. Det statrar med importerte lirekassedamer frå Norge. Elles litt frå hagen til Ludwig 2, blomsterøya og Kielferga.

Her følger ein film frå Sveits der kyr beita opp til 2000 m. o. h.

torsdag 29. juli 2010

Tur til Oberammergau og Sveits.

Dette er starten på blogginga frå turen til Tyskland/Oberammergau og Sveits. Det kjem meir både av tekst bildeseriar og filmsnuttar i løpet av dei første vekene.
Med ny byss med reklame frå Geiranger var det lett å legge merke til oss der vi reiste gjennom Europa.
Etter 2 timar med kjøring brukte det å vere kafferast ved sida av bussen.

Like over grensa til Tyskland (frå Danmark) fann vi to bord som viste at svenskar og danskar var velkomne, men kva med nordmenn?
I bussen hadde vi lese eventyret om rottefangaren i Hameln før vi stoppa og gjekk rundt i den hyggelege byen.
Så kom vi til Oberammergau som kvart 10.år framfører eit pasjonsspel. Dette er ut frå eit løfte som dei gav da dei slapp unna pesten i 1633. For full informasjon om spelet: Sjå sidene til reiseselkapet vårt Si-reiser. Trykk på Oberammergau for å få opp eit eige dokument. Dette er frå utstillinga i museet. Det var ikkje lov å fotografere under sjølve spelet.
Dørvakta i museet er ein typisk representant og han har nok ein rolle i spelet saman med 1600 andre. (Omlag ein tredel av befolkninga) Mennene lar skjegget vekse frå påske året før.
Her sit vi klar i hallen som har plass til 4700 personar. Det var ei flott forestilling i to delar. 14.30 til 17.00 og 20.00 til 23.00. Ganske imponerande at mange av dei som stod på scena også skulle servere lunsj og middag til oss som såg på. Og dette held dei på med i 4 mnd.
Her er ein del av bussane som stod klar da forestilla var ferdig kl. 23.
Neste dag var vi innom 4 land. Tyskland, Østerrike, Liechtenstein og Sveits.

I Sveits fekk vi ha same senga i 4 netter. Vi hadde ein flott dag i Alpane. Her sit vi på ein av gondolbanane.
Men vi gjekk av for å gå til fots frå 1700 m til 2250 m.o.h.
Det var grøne beitemarker heilt til toppen.
Desse blomstrane var plukka på 2250 m.o.h. Det er mange av dei blomstrane som veks i låglandet i Norge.

Vi gjekk også tur på oppbygde bruer langs eit juv der elva har grave seg ned. Det var både trongt og luftig enkelte plassar.
Besøk på ei spesiell blomsterøy like etter at vi kom over grensa til Tyskland.

Handlegata på Kielferja.

Cecilie i vinden på Kielferja med måneskin. Og så kjem det meir stoff frå turen etter kvart.

søndag 11. juli 2010

Busmarsjen 2010.

Busmarsjen er ein fin kombinasjon av trim, flotte fjell og industrihistorie. Turen går langs den gamle jernbanetraseen frå Aura-utbygginga. Veret var fint i dag 11.juli. Det var 4 busslastar med folk som vart frakta opp i fjellet.
Ganske imponerande av Cecilie å debutere på den lange marsjen i ein alder av 59 år. Vi kjente det godt i beina etterpå begge to.
Her gjekk det jernbane og det er mykje arbeid som ligg bak ein slik trase midt oppe i glatte fjellet.

Her blir ein foss (trur vatnet kjem frå Reinsvatnet) fanga inn i tunnelen og blir med i lag med det andre vatnet ned til Aura kraftverk og bidrar til å produsere aluminium.
Utsikt ned mot Dalavatnet.
Her kom jernbanen (trallebanen) opp til Toppheis. Bygd etter same prinsipp som Fløybanen i Bergen. Plakaten nedanfor står på Toppheis og viser korleis banen fungerte da han var i bruk.

Så startar den bratte vandringa ned til Dalen, og nede i Litledalen fortset turen på enda ein jerbanetrase.

Saftstopp ved Toppheis.
Så kan det siste biletet vere til ettertanke. Er dette etterlatt søppel eller er det industri/kultur-hitorie?

onsdag 30. juni 2010

Fint fjøsvaskarvér.

Det har vore to dagar med bra forhaustarver. Det var svært vått i jorda så det vart ganske svart, men i går var det finver, sol og mange plussgrader. Men i dag var veret tilbake til det gamle velkjente igjen. Supert fjøsvaskarvér.
I skyttarmiljø er det noko som heiter rekyl. Med høgtrykkspylar kan vi heller kalle det returstråle.

søndag 13. juni 2010

Naturopplevingar og mimring på veg mot fjellet.

Her kjem litt naturbilete frå fjelltur inkl. litt mimring. Dette var ein leike- stoppeplass på tur mot fjellet medan borna var små. Tre store graner var kongen, dronninga og dommaren. Her foregjekk rettsakene og dommaren skulle mekle mellom dei som sat på stubbane. Dei er no prega av tidas tann.

Eg kjenner to plassar der det stod høyløer, men det er restar berre etter denne. Slettløå. Vi ser at "snarragadden" held seg lenge.

Eit knekt tre kan også sjå pent ut. Ved dammen i Elva har vi hatt mange hyggelege stopp med matpause gjennom åra.
Her er mest natur og lite folk, men utsikten må også nytast - både den nære og den fjerne.

Kva slags dyr er dette? Med fantasi kan det bli mange svar.
Lav kan vere vakker og gjev grobunn for mange historier også av storpolitisk art. Denne heiter krinslav, veks utover og rotnar innanfrå. I ein periode var det vanleg å kalle han "det russiske rike".

søndag 6. juni 2010

Superhelg til Levanger.

2.juni vart Signe født på Levanger sjukehus, og på fredagen sette vi kursen mot Levanger.
Familiefote før heimreise på laurdag. (Filmsnutt nederst på sida)
Bestemor kosar seg med det nye barnebarnet. Dette er forresten det førstebarnebarnet vi har besøkt medan det enda var på barselavdelinga. Denne gongen var det ekstra praktisk sidan det tek ein time mindre å kjøre til Levanger enn til Malm, og så passa det med helg.
Det var kjekt at vi fekk lov til å passe på Eiliv ei stund på laurdag medan Marit og Håvard gjorde seg klare til heimreise.
Vi var ei stund på sjukehuset både på fredag og laurdag.
Men i Levanger fekk eg også tid til å mimre litt med spasertur rundt lærarskulen, og etterpå overnatta vi på hotell Backlund.
På heimturen kjørte vi om Falstadstentret og Falstadskogen. Minna frå krigen stod jo i sterk kontrast til det vi hadde opplevd så langt.
Cecilie starta turen ekstra tidleg med buss til Trondheim fredag morgon. Der fekk ho god tid til å tråle "Stoff og Stil" ved City Syd. Herer prøver ho å sjå over litt av det ho kjøpte.
Vi fekk også tid til familiebesøk i Sjørdalen + innom Emma og John Gudmund i Trondheim. Vi hadde sett mykje kjekt på turen, men solnedgangen over Stangvikfjorden sett frå Drøpping laurdag kveld var også ei flott oppleving av vår fine natur. ( Ca. kl. 22.30)
Her kjem filmsnutten, og etter oppfordringar er den gamle musikken tilbake.

onsdag 2. juni 2010

Hurra for nytt barnebarn.

Signe vart født på Levanger sjukehus i dag. Det står bra til med Signe, mor Marit og far Håvard. Nedtellinga på bloggen er no skifta frå nedtelling til femte, til nedtelling til sjette barnebarn.

søndag 30. mai 2010

Filmglimt frå mai.

Vi lever ei stund på minnne frå perioden 17.mai -pinse med besøk av barnebarn. Her kjem det litt filmglimt frå perioden.
Det var kjekt når Cecilie ville ha mjølk eller ville lese bok slik at det vart litt kos på bestefar.

Da er det bl.a tid for å ta fram det gamle lageret med legoklossar, og kjøkkenskuffene må da vere til for å tømmast.

.......og når først innhaldet er ute, så må da vel det kunne brukast til noko.
+ litt balansekunst for å prøve å kopiere pappa.

Vi var to turar i basseng på desse dagane, både på øra og i Molde. Her er vi Moldebadet, som var ganske nytt.Her er det Jona og Nils Ingar som tek seg ein svømmetur.

søndag 23. mai 2010

17.mai og barnebarn.

Da har vi hatt 17.mai med nokre barn og barnebarn og det har vore kjekt. Da har vi nesten ikkje tid til å blogge, men i dag på 1.pinsedag er det litt surt i veret. Da er det kjekt å sjå tilbake på bl.a isspising.

Når det blir for vanskeleg å velge ut nokre foto er det greit med fotomontasje.
John Gudmund fekk sett opp eit gjerde medan han var heime. Det kan spare ein person (hm - kven?) under innjaging av sauer.

Jona matar lam.
Sjarmtrollet ved bordet.
Laurdag 15. mai går til Øverlandet for å jobbe med å rydde greiner etter vedaarbeid i vinter.

Tur til Flæsa.