torsdag 29. juli 2010

Tur til Oberammergau og Sveits.

Dette er starten på blogginga frå turen til Tyskland/Oberammergau og Sveits. Det kjem meir både av tekst bildeseriar og filmsnuttar i løpet av dei første vekene.
Med ny byss med reklame frå Geiranger var det lett å legge merke til oss der vi reiste gjennom Europa.
Etter 2 timar med kjøring brukte det å vere kafferast ved sida av bussen.

Like over grensa til Tyskland (frå Danmark) fann vi to bord som viste at svenskar og danskar var velkomne, men kva med nordmenn?
I bussen hadde vi lese eventyret om rottefangaren i Hameln før vi stoppa og gjekk rundt i den hyggelege byen.
Så kom vi til Oberammergau som kvart 10.år framfører eit pasjonsspel. Dette er ut frå eit løfte som dei gav da dei slapp unna pesten i 1633. For full informasjon om spelet: Sjå sidene til reiseselkapet vårt Si-reiser. Trykk på Oberammergau for å få opp eit eige dokument. Dette er frå utstillinga i museet. Det var ikkje lov å fotografere under sjølve spelet.
Dørvakta i museet er ein typisk representant og han har nok ein rolle i spelet saman med 1600 andre. (Omlag ein tredel av befolkninga) Mennene lar skjegget vekse frå påske året før.
Her sit vi klar i hallen som har plass til 4700 personar. Det var ei flott forestilling i to delar. 14.30 til 17.00 og 20.00 til 23.00. Ganske imponerande at mange av dei som stod på scena også skulle servere lunsj og middag til oss som såg på. Og dette held dei på med i 4 mnd.
Her er ein del av bussane som stod klar da forestilla var ferdig kl. 23.
Neste dag var vi innom 4 land. Tyskland, Østerrike, Liechtenstein og Sveits.

I Sveits fekk vi ha same senga i 4 netter. Vi hadde ein flott dag i Alpane. Her sit vi på ein av gondolbanane.
Men vi gjekk av for å gå til fots frå 1700 m til 2250 m.o.h.
Det var grøne beitemarker heilt til toppen.
Desse blomstrane var plukka på 2250 m.o.h. Det er mange av dei blomstrane som veks i låglandet i Norge.

Vi gjekk også tur på oppbygde bruer langs eit juv der elva har grave seg ned. Det var både trongt og luftig enkelte plassar.
Besøk på ei spesiell blomsterøy like etter at vi kom over grensa til Tyskland.

Handlegata på Kielferja.

Cecilie i vinden på Kielferja med måneskin. Og så kjem det meir stoff frå turen etter kvart.

Ingen kommentarer: