fredag 20. mars 2015

Verdsarven i eige fylke. Geiranger.

Ja, vi har vore i Geiranger før, men stort sett som bilturistar. Denne gongen starta det med at vi var på fylkesårsmøtet i KrF fredag 13.-laurdag 14.mars. Men da valgte vi å fortsette som fotturistar laurdag ettermiddag, og var verande på hotel Union til søndag.
Det er kanskje andre parti som er meir kjent for "Soria Moria", men nede i dalen ser det det i alle fall fristande å kome seg opp til sola.
 Sjølv om det var fine vegar som førte oss oppover den bratte lia, ser vi at alt ikkje blir rydda unna i verdsarvmiljøet heller.
 Sprek dame på flotte steinheller.

 Her ser vi ned på hotel Union der vi bur.
Her kjem vi opp på eit småbruk som ligg rett opp for hotellet. Ville fjell og kulturlandskap hand i hand er noko av særpreget i Geiranger.

 Utsiktspunkt der vi ser utover mot Ørnefjellsvegen, og ned mot hotellet.

Her var det så høgt og luftig at eg tok dette biletet med telelinse.
 Vi kan gjere oss mange tankar om dagens turistar og slitet hos dei som laga dette kulturlandskapet. Restar av fleire typar hesjer.

 Dronninga i kongerommet.
 I kjellaren på hotellet er det ei flott utstilling av bilar som har vore bruka til frakting av turistar. I tillegg var det ei god historisk framstilling av bygginga av vegen over til Grotli i perioden 1881 til 1889. Men turisttrafikken med store båtar var stor allerede midt på 1800-talet. At sjøen var ei viktig transportåre forstår vi bl.a. når vi får vite at den einaste vegen som er open om vinteren, Ørnefjellsvegen, ikkje vart bygd før i 1954.

 Søndag morgon. Frå hotellet kan vi sjå opp mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
I løpet av natta har det det også kome eit cruiseskip inn til Geiranger. Vi ser over mot utsiktspunktet der vi var dagen før.
Klare til å fortlate Geiranger for denne gong, men vi kjem nok tilbake. Ørnesvingen med utsikt mot Geiranger der Cecilie står svært så avslappa. Det siste biletet tok Cecilie som bevis på at eg torde å stå utpå kanten der. Men eg held meg godt fast i rekkverket.

Ingen kommentarer: