tysdag 17. juli 2012

Shetland - Gann-tur.

 Vi har vore på på "cruise i Vesterled" med Gann. Gann  har tidlegare vore hurtigrute under namnet Narvik. Vi var 220 passasjerar på turen.
 Lundefuglen var ein populær fugl både på Shetland og Færøyane.
 Her er det første vi såg på Shetland. Vi kom inn til Lerwick. Ein av dei store store forskjellane frå Norge er at det manglar skog. Men det er gode beitemarker for sau.
 Losbåten har akkurat sett losen ombord.
 Når det ikkje er skog er det også naturleg at husa er bygd av stein. 

 Allerede første dagen i Lerwick fann vi ein stoffbutikk - og ferien er redda.
 Vi var ute ein kveldstur i ein mindre båt med 12 personar. Da fekk vi sjå fisk, sel og fuglefjell og vi kunne segle i grotter i fjellet.


 Glimt frå eit av fuglefjella.
 Det ser ut som fine badestrender, men temperaturen fristar ikkje til bading så veldig ofte. Det er normalt med kald vind.
 Dei har sterke tradisjonar med å bygge av stein. 
 På Jarlshof var er det funne hus som er 4500 år gamle. Kulturen var prega av runde hus. 
 Vikingane frå Norge kom med tradisjonar med dei rettvinkla husa.
 På sørenden av øya bryt bølgene mot kysten, men her er det også eit fint fuglefjell med b.a. lomvi og lundefugl.
Denne lundefuglen var ikkje så veldig redd. (Men det er fotografert og filma med sterk telelinse)
Filmsnutt av lundefugl nedanfor. (Endra 22/7 til You-Tube)



Vi kjenner bl.a. Shetland frå 2.verdenskrig da det var ein del illegal trafikk over frå Norge. Shetlands-Larsen er eit kjent namn.  Men trafikken hadde sin pris. Denne minnestøtta inneheld namna på dei som mista livet i denne trafikken. 
Vi sit elles igjen med eit inntrykk av at  øyane i vest gjerne vil ha meir kontakt med Norge. Sjølv om Vikingane ikkje alltid for så fint fram, har dei ikkje skremt bort folket på øyane.  Dette var ein gong norsk område og mange kunne nok tenkt seg at det fortsatt var slik.  Jens Stoltenberg var da også ein tur vestover og innvidde eit museum 17.mai i år.

Ingen kommentarer: