tysdag 24. juli 2012

Orkenøyane med Gann.

 Her er St.Magnus-katedralen i Kirkwall, hovudstaden på Orkenøyane. Nedanfor er eit glasmaleri frå katedralen. Ikkje så ulikt Nidarosdomen.
 Her har vi det som vart kalla "The Churchill Barrier". Dei vart bygd etter at ein tysk ubåt hadde kome inn på den militære hamna. Eit stort skip vart senka og omlag 800 soldatar døde.
Dei som bygde barrierene var italienske krigsfangar.  Dei var katolikkar og bygde dette flotte kapellet med svært enkle midlar.

Den ansvarlege for utsmykkinga vart igjen frivillig da krigen var slutt i 1945 for å gjere bygget heilt ferdig.

Dette er typisk for steinmurane på Orkenøyane. Det blir sett steinar på høgkant oppå muren slik at det blir vanskelegare å kome over.
Her står vi i blesten på ein plass der vi kan seie at Nordsjøen er på den eine sida og Atlanterhavet på den andre.
Skara Brae omfattar bygningar som har fått UNESCO-status. Desse husa er omtrent 5000 år gamle, og er altså bygd før pyramidene i Egypt. Runde hus var typisk. Dette såg vi også på Shetland.

Her er eit hus om er svært godt bevart.
Her står steinane i ein ring med ein diameter på 104m.  Ingen veit sikkert kvifor desse steinane er sett opp. Liknar  mykje på det meir kjente, Stonehenge, i Sør-England. Men desse er eldre.
Så er vi klare for å sette kursen mot Stavanger og Norge. (lånt foto frå ein annan passasjer)
I bakgrunnen ser vi vindmøller som Orkenøyane no satsar mykje på. Vind er ein ressurs som øyane her har mykje av. 

Ingen kommentarer: