søndag 23. januar 2011

Sjekk av eigen popularitet.

Når vi først vel å blogge så ønsker vi sjølvsagt at fleire les det vi skriv. Vår eigen "tellar" fortel at vi har hatt 15160 besøk sidan 1.febr 2007. Det er omlag 10 pr. dag. Det må vi seie oss fornøyd med. Men elles er det mykje nyttig å hente frå Google Analytics. Dei har berre omlag ein tredjedel av tala så eg veit ikkje kva dei legg til grunn. Kanskje dei vel ut ein del, men innbyrdes kan tala i alle fall samnliknast. Da får vi bl.a vite at vi hadde besøk frå 53 land i 2010. Auke på 700% i Danmark der vi auka frå 1 til 8, 300% i Russland, men ein auke på 52% i Norge må reknast som seriøst positiv.
Google kan også fortelje om fordeling i Norge sidan oppstarten. Det er naturleg at Sunndal ledar med 991. Elles: Oslo 504, Drammen 340, Molde 296, Bergen 264, Steinkjer 259, Ålesund 241, Trondheim 224, Sørumsand 200, Moss 140, Andre med høge tal: Sandnes, Leira, Bryne og Haugesund. For nokre av dei plassane lurar vi verkeleg på kven det kan vere som "tittar på oss". Vi er positive til at mange ser på oss, men skulle gjerne ønske at fleire legg igjen "ein kommentar". Vi bit ikkje.
Men elles har jo Cecilie i det siste svinga seg opp med "lappeblogg" og der ser det ut til at markedet er langt større blant dei som er hekta på stoff. Og stoffinteressen kjenner ingen landegrenser. Eg var med og hjalp til slik at at ho med støtte i Google translate fekk oversatt ein kommentar på italiensk!

Ingen kommentarer: