Vi kan sjå tilbake på ei roleg jul med pinnekjøtt på julaften.
Anna med foreldre var innom og sjarmerte oss nokre gonger. Emma og John Gudmund var på besøk og avleverte Sjamal til barnevaktene, men dei vart ikkje fotograferte.
Det vart visst ikkje så mange foto av Anna heller, men her er ho knipsa med mobiltelefon. Antennenne ligg ganske lågt. Når hesten legg ned ørene er det eit dårleg teikn, men Anna ser også blid ut med senka antenner.
Her er ho trygg hos mamma og pappa.
Det vart litt for lite fotografering med dåpskjole i sjølve dåpen, så her er det litt ekstafotografering i jula.
1 kommentar:
reint objektivt sett må eg jo sei at ho er vanvittig søt ho der barnebarnet deres...
Legg inn en kommentar