tysdag 9. november 2010

Julemiddag og sauens indre.

Da ligg pinnekjøttet i saltlaken så middagen til julaften skulle vere sikra i år også. I år fann eg også ut at eg ville dele mine inntrykk på bloggen. For nokre år sidan slakta eg i lag med Marit -veterinæren. Simon og eg var ivrige elevar. Noko av det vi såg på da har eg no fotografert.
Dei som berre likar firkanta kjøtt kan godt stoppe her, og hoppe til neste innlegg.
Her er bekre-lammet ferdigslakta og klar til å mørne i 40 døgngrader. Det betyr at viss det er omlag 5 grader skal det henge i 8 dagar.
Her er magesekk og tarmar som eg ikkje brukar til noko, men tarmane var tidlegare brukt som pølseskinn.

Magen til drøvtyggarar er ganske samansett. Først kjem det til den store vomma som var med på biletet i lag med tarmane. Etter at det har vore opp i munnen til ekstra drøvtygging vandrar det frå den eine "sekken" til den andre. Denne heiter nettmagen. Når vi ser innsida av nettmagen så er det ikkje vanskeleg å forstå grunnen til det namnet.

Her ser vi bladmagen med nettmagen i bakgrunnen. Her ligg det "blad" på "blad" (lag på lag) som dermed gir stor overflate til å førdøye maten.
På dette biletet ser vi lungene og hjertet. Til høgre er det ein trekloss som ligg der for å få luftrører til å stå opp mot kameraet.

2 kommentarer:

Marit sa...

Det ser ut som litt av kunnskapen sitter enno :o)

Anonym sa...

herlig, herlig! Godt att ikke alt skal spises...
-c-