søndag 13. juni 2010

Naturopplevingar og mimring på veg mot fjellet.

Her kjem litt naturbilete frå fjelltur inkl. litt mimring. Dette var ein leike- stoppeplass på tur mot fjellet medan borna var små. Tre store graner var kongen, dronninga og dommaren. Her foregjekk rettsakene og dommaren skulle mekle mellom dei som sat på stubbane. Dei er no prega av tidas tann.

Eg kjenner to plassar der det stod høyløer, men det er restar berre etter denne. Slettløå. Vi ser at "snarragadden" held seg lenge.

Eit knekt tre kan også sjå pent ut. Ved dammen i Elva har vi hatt mange hyggelege stopp med matpause gjennom åra.
Her er mest natur og lite folk, men utsikten må også nytast - både den nære og den fjerne.

Kva slags dyr er dette? Med fantasi kan det bli mange svar.
Lav kan vere vakker og gjev grobunn for mange historier også av storpolitisk art. Denne heiter krinslav, veks utover og rotnar innanfrå. I ein periode var det vanleg å kalle han "det russiske rike".

3 kommentarer:

Gunnveig sa...

Ja, må nok bli noen fjellturer når vi kjem heim en tur til sommaren!!

Nils Ingar sa...

mykje kjent her ja:)

Marie sa...

Det er ikkje eit dyr, det er eit framoverlent deppa troll med lang nase :)