tysdag 4. november 2008

Roma med ettertanke.

Da er det ei stund sidan vi kom tilbake frå Roma så dette blir litt oppsummering og tilbakblikk.

Vi budde på eit hotell som også var kyrkje og kloster. Like etter at vi kom dit starta eit stort arrangement med opplesing av heile Bibelen. Det var eit stort opplegg med vakthald av politifolk, og viss vi ikkje hadde vårt adgangskort til hotellet så kom vi ikkje forbi vaktene.
Folk stod i kø natt og dag i ei lita veke for å delta på dette. Det var eit imponerande syn, og det som vart vist på skjermen som vi ser ute på plassen vart også overført til ein italiensk TV-stasjon. Det er tydeleg at Bibelen betyr mykje for mange Roma-borgarar også i 2008.

I tillegg til det oppsette programmet deltok heile gruppa også på ein dagstur til Pompei og vulkanen Vesuv.
Denne byen vart gravlagt av vulkanen i år 79, og byen viser mykje av livet slik det var på den tida.

Lavaen var ikkje heilt tett. Det vart ikkje hermetisk lukka, men personane rotna og etterlot seg holrom. Under utgravingane helte dei gips i holromma og fekk avstøpningar av personane. Her er det ei ung gravid jente som vart offer for gassane frå vulkanen.


Eit gangfelt frå Pomei. Steinane var avpassa slik at hjula på standardiserte vogner kunne passere. Dei same standardmåla vart seinare lagt til grunn for utvikling av jernbanespor.
Det var praktisk at gangfeltet var heva over gata for det var ein del utslagsvatn som rann i gatene.





Her er vi oppe ved vulkanen Vesuv.



Enkelte plassar kunne vi sjå at det steig røyk opp frå grunnen så vulkanen er enda ikkje død. Eit nytt stort utbrudd kan føre til ein større tragedie enn i år 79.
Folket lever med frykten. To dagar før vi var der kom det to jet-fly i låg høgde og laga mykje lyd. Det hadde skapt frykt for at det var vulkanutbrot.



Ingen kommentarer: