måndag 24. mars 2008

Påske 08.

Mammas påskefat er ein viktig tradisjon, men det har sine nyansar. I år var det litt utfordring å finne blomster, men resultatet vart slik. Det fekk vi glede av både heime og i Ålvundeid kyrkje.



Som fast heading på bloggen vår står det: "viss nokon vil rydde i hagen så er det berre å kome." Det er kjekt at det er nokon som benyttar seg av tilbudet. Det er greit med litt vårarbeid, sjølv om våren glimra med sitt fråver. Det gjeld å utnytte ekspertane medan dei er her.
Etterpå var både oppdragsgjevar og arbeidsfolk godt fornøgd.







Grilling av pølser og pinnebrød (eller deig ) stod på programmet. Med traktor klarte vi å få det meste opp på påskeaften for å sysselsette oss med eting frå frukost til middag.


På Øverlandet var det hard konkurranse i snow-racer. Det mest imponerande var at mamma deltok, men ho kom dessverre ikkje over kulen der kamera var plassert. Til slutt kom sjølvsagt bikkja i bakken.


Grånebba vart høgaste punkt denne påska. Varden bar preg av vind og snø.

3 kommentarer:

Ieah sa...

Ken aka/skubba/spøna sj på ryggen ned bakken?
Ser veldi kjekt ut me familiedag i snøen! :D *nestemisunnelig*

Anonym sa...

NI aka p¨å ryggen.
arnedro

Anonym sa...

Lenge leve åtti-tallet!! herlig dress, marit!! ellers ser det ut til at dykk har hatt ei kjekk påske!!
-c-