søndag 9. mars 2008

Vinter og vår.



I det forrige innlegget dvelte eg mest ved vinterns negative sider, men det er da mest positivt. Laurdag hadde eg ein fin skitur til Stortuva frå skiheisen på Ålvundeidet. Eg er ikkje så dreven med sjølvutløysar så eg er ikkje med på biletet. Hadde forresten nok med å stå på toppen p.g.a sterk vind. Klarte så vidt å unngå at den eine skia blåste vekk. Men flott utsikt er det i alle fall.





Vi har også vore på Sunnmøre for å planlegge bryllup. Her ser vi plassen ute ved Brusdalsheimen. Det ligg fint til nede ved vatnet, men det er ikkje lov å både her for dette er drikkevatnet til Ålesund.
I dag har vi gått søndagstur innover stranda. Da ser vi at våren kikkar fram frå snøen. Robin traff ein kamerat ved sjøen på Rakaneset. Han forstår seg ikkje heilt på slike unge juplingar som berre er 2 år gammal.


4 kommentarer:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Ieah sa...

Kunne du tenkt dj å sende mj bilda fra Brusdalsheimen?

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Unknown sa...

Det var triveleg med besøk frå Nordmøre