tysdag 2. oktober 2012

Sykkeltur til Stangvik.

Søndag 30.september var det fint ver og ei god anledning til å finne på noko. Eg har lenge tenkt å gjennomføre ein rundtur med sykkel, Kvanne - Vang - skogsveg til Stangvik - Kvanne.
 Det starta med å pumpe opp sykkelhjula, og det var mykje som tyda på at syklane hadde stått lenge. Så fekk vi testa og fann ut at det så vidt var plass til syklane bak i Yaris'n. Strekninga Drøpping til Rykkjem vart gjennomført med bil.
 Vi sykla først litt mot Surnadal og opp mot Vang skistadion. Langs den historiske vegen til Stangvik var det sett opp skilt og benkar. Vi treng i alle fall ikkje gå langt frå vegen for å finne sitteplass. Kaffe og kransekake smakar godt.

 Med litt ettertanke fann vi ut at reisemåtane til Stangvik har vore ganske utradisjonelle i år. Sist vi var her reiste vi med seglbåt. Pinseturen hit er også omtala på bloggen.
Like forbi Stangvik kyrkje fann vi denne plassen. Vi har aldri lagt merke til at det er eit friarberg her når vi kjører med bil. Biletet er teke med tidsinnstilling så det finst ikkje vitner.
Sjølv om vi hadde med termos, fann vi også plass til kaffe med svale på ferga.

søndag 26. august 2012

Meir frå sommaren.

Sidan Anna var så tålmodig til å sjå på film så kanskje ho har tålmodighet til dette også.  Men sjølvsagt også for andre med tålmodighet. Eg tykte eg hadde så mange ubrukte foto at eg har laga ein liten "juksefilm"(film av still-bilder) med photo-story. 

torsdag 23. august 2012

Filmsnuttar frå sommaren.

Det er ei stund sidan eg blogga frå sommaren med foto, men her kjem det nokre filmsnuttar få sommaren.  Den første inneheld mating av lam, kjøring med "nytraktoren" og tur på fjorden på Våga,


Den andre filmen foregår inne med div. trening.  Vi kjøpte turnringar denne sommaren. Dei har vore bruka både ute og inne.  Litt klassisk skliing i trappa høyrer også med, ..... og så var det ein som starta krabbekarrieren.

Her kjem også ein link til animasjonsfilmen med grisefødsel som vi kunngjorde på YouTube i sommar. Filmen er også omtala på Bergfruas lapper. 


tysdag 7. august 2012

Sommar 2012.

Sommaren er på hell og vi sit med mange gode minne frå besøk. Eg startar med å blogge litt, men eg har tenkt å kome med fleire drypp i tida framover.
 På ein gard må det av og til investerast i ny traktor. Her har det kome ein John Deere til gards.
 Men det er ikkje berre traktoren som blir bruka. Med Eivind som konstuktør blir det bygd romrakett av eska til traktoren, og da må det sjølvsagt brukast hjelm.
Kakespising og kakelaging hører med. Her er det Marte som underviser i cup-cakes-laging.
 Eivind er også ein dreven kake-bakar og det brukar å smake like godt som det ser ut.
Bestefar held seg til svelene som også er populære. Vi steikte sveler på bål på Flæsa 2 gonger, men når veret ikkje er det aller beste, er det også greit å strekke skjøteledninga til takka på utebordet. Blir det enda verre går det til og med an å steike inne.
 Kven sjarmerer kven?
 Vi deltok på friluftsgudsteneste ved Innerdalshytta ved Olsok. Cecilie fekk denne T-skjorta i premie på naturstien.
Jona skal bli like flink til å klatre som pappa.
 I år var det 8 kopplam på Øverlandet og dei hadde vi glede av mange gonger. Det kan vere praktisk med ei grind som skjold.
 Ikkje alle som treng grind.( fot Nils Ingar)
 Inneleiking er greit innimellom.

 Men sandkassen pleier ofte å vere populær. 
Av og til kan leiking i sandkassen vere ein liten avledning slik at mamma får jobba i fred i hagen.
Meir om korleis det gjekk i hagearbeidet kan de lese hos dei som gjorde arbeidet.
 Her har Signe og Eiliv fått sine vesker. Det er årets sommargave, og vil du vite korleis dei er laga, så er det berre å lese på Cecilies lappeblogg, Bergfruas lapper
 Ein liten diskusjon ute på jordet.(foto Nils Ingar)
Eldbjørg på gamaltraktoren.(foto NIls Ingar)
Det vart ein del båtliv i løpet av sommaren også. Her er vi på kanotur frå Smisetfossen til Ålvundfossen. Styrmann og fotagraf er Eivind.
Marit fekk prøve kreftene på robåten i sterk motvind. Eg sat foran og lata meg og forograferte.



 På Våga brukte Eivind motoren da vi drog ut for å fiske og sette krabbeteiner.

Her er vi på den "berømte" kvite badestranda. 
Attpåtil så fekk vi med oss 38 års bryllupsdag for Anne Grete og Otto med kake i tillegg til krabbe og reker.

tysdag 24. juli 2012

Orkenøyane med Gann.

 Her er St.Magnus-katedralen i Kirkwall, hovudstaden på Orkenøyane. Nedanfor er eit glasmaleri frå katedralen. Ikkje så ulikt Nidarosdomen.
 Her har vi det som vart kalla "The Churchill Barrier". Dei vart bygd etter at ein tysk ubåt hadde kome inn på den militære hamna. Eit stort skip vart senka og omlag 800 soldatar døde.
Dei som bygde barrierene var italienske krigsfangar.  Dei var katolikkar og bygde dette flotte kapellet med svært enkle midlar.

Den ansvarlege for utsmykkinga vart igjen frivillig da krigen var slutt i 1945 for å gjere bygget heilt ferdig.

Dette er typisk for steinmurane på Orkenøyane. Det blir sett steinar på høgkant oppå muren slik at det blir vanskelegare å kome over.
Her står vi i blesten på ein plass der vi kan seie at Nordsjøen er på den eine sida og Atlanterhavet på den andre.
Skara Brae omfattar bygningar som har fått UNESCO-status. Desse husa er omtrent 5000 år gamle, og er altså bygd før pyramidene i Egypt. Runde hus var typisk. Dette såg vi også på Shetland.

Her er eit hus om er svært godt bevart.
Her står steinane i ein ring med ein diameter på 104m.  Ingen veit sikkert kvifor desse steinane er sett opp. Liknar  mykje på det meir kjente, Stonehenge, i Sør-England. Men desse er eldre.
Så er vi klare for å sette kursen mot Stavanger og Norge. (lånt foto frå ein annan passasjer)
I bakgrunnen ser vi vindmøller som Orkenøyane no satsar mykje på. Vind er ein ressurs som øyane her har mykje av. 

måndag 23. juli 2012

Færøyane med Gann.

Landskapet på Færøyane var meir prega av at det ligg lengre mot nord enn Shetland. Her er det brattare, men sauer er det mykje av.
Båtkulturen er ganske lik den norske. 
 Her ser vi også ein praktisk måte for montering av påhengsmotor.
 Vi var på ein båttur i litt vilt landskap ute på Vestmanna. I desse fjellsidene går det også sauer. Her kjem eit lite videoklipp frå båtturen.

Torshavn -hovudstaden på Færøyane. 

 Omvising på det gamle "Tinganes" i Torshavn.
 Kunst prega av sau i det nordiske kultursentret.
 Glassmaleri ved inngangen til den 1000 år gamle kyrkja på Kyrkjubø. Her var det også ei gamal røykstove frå 1100-talet som kom drivande frå Norge.
 I denne hola gøymde mor til kong Sverre barnet sitt. Før han kom til Norge som konge gjekk han i prestelære hos biskopen her på Kyrkjubø. Guiden la ikkje skjul på at ho var stolt av at Sverre, som "tala Roma midt i mot", kom frå Færøyane.
Til slutt ein liten video av Gann som forlater Torshavn og Færøyane.