onsdag 3. juni 2009

Stor familiefeiring med dåp i Drammen.

1. pinsedag var vi i dåp i Bragernes kirke i Drammen.

Det var ein varm dag for oss som hadde bunad. Derfor var det kjekt med middag i ein sval, god og nyoppussa kjellar.
Det var også ei bestemor til som var stolt.


Men slike dagar er slitsame.




Besteforeldre med dei tre yngste barnebarna.



Jona og bestefar på befaring i nærmiljøet 2.pinsedag.


Og her ein liten collage frå feiringa:






torsdag 21. mai 2009

Ingeborg.

Ingeborg trekte sin siste pust tysdag 12.mai. Onsdag 20.mai hadde vi vi minnesamver der vi delte mange av dei gode minna.
Her kjem ein fotoserie som vart vist på minnesamveret. Eg håpar vi også på denne måten kan dvele ved minna etter Ingeborg.

søndag 10. mai 2009

Foto-eksperiment.

Eg var så heldig at eg fekk lov til å kjøpe meg eit nytt kamera til bursdagen. Ikkje verst i min alder. Det eit Finepix S8000fd. Det er nok ikkje i toppklasse, men inneheld ganske mykje - trur det kan vere passe for meg. Speilrefleks, men ikkje utsktiftbart objektiv. Her kjem det litt eksperiment.

Her kjem eit forsøk på å fotografere ein blomst på ein av Cecilie sine løpararar. Teke med super makro. Diameter på omlag 2 cm.
Dette er ved Dovregubbens Hall. Bruer i 3 generasjonar.
Moskus fotografert ved Kongsvoll. Han låg i andre dalsida i forhold til vegen. Fanga inn med 18Xoptisk zoom + klipt litt i biletet.
Kameraet kan også brukast til video. Sidan det er så mange andre som har baby for tida: Her kjem babyen som eg fekk på bursdagen for nokre år sidan. (Videoen er redigert ned før han vart lagt ut.)

torsdag 7. mai 2009

Bestemor til Bergen.

Medan eg var her og passa mine lam drog bestemor til Bergen i 1.mai-helga. Sjølv om det er berre bestemor som har opplevd det "live", så blir det "nesten live" dette også. Den som god klatrar skal bli bør i alle fall tidleg krøkast. Framleis er det litt testing ute og går her. Dette er no laga i 2 storleikar. Den første er på 10,5MB. Det tek mykje lengre tid å laste opp den største. Den siste vart lasta opp på nytt 10/5. Der er det utan bevegelse på første foto. Dermed er det betre å sjå biletet før videoen startar. Der er det også litt tekst og nokre overgangar.
Viss nokon ser begge to så gje gjerne tilbakemelding om kvalitetsforskjellen er stor eller ubetydeleg.

Først kjem den store.

Her kjem den nye lille som vart lagt ut sist i litt redigert utgave.

fredag 24. april 2009

Minneprogram om Robin.

Vi har hatt hunden Robin i 8 år - fram til 20.januar 2009.(hørte feil dato på sjølve fotohistoria) Da var han i grunnen "mett av dage".. Sidan eg no øver meg på å bruke Photostory fann eg ut at eg skulle leite etter bilete av Robin og lage det om til ei historie for å minnast hunden som vi har hatt så mykje glede av. Kanskje det også er andre som har gode minne etter han? Makan til snill hund trur vi ikkje finst. Derfor blir det vel heller ingen ny hund på oss med det første - trur vi.

torsdag 23. april 2009

Photostory og bestemor i Trondheim.

Cecilie har jo skrive sjølv om sin bestemor-tur til Trondheim. Her kjem turen i ny versjon. Eg lasta ned og prøvde ut programmet Photo-story i dag. Kva er betre enn å prøve det ut med innhald "barnebarn"?

laurdag 18. april 2009

Snarkosetur til Trondheim.


Marit og Håvard skulle en snartur til Trondheim denne uken for å ta siste rest av vasking og pakking før huset skal overleveres.

Bestemor fikk tilbud om å hjelpe til, og med vindusvask i Nistua friskt i minne ble det et greit bidrag. (Der er det 14 vinduer i 1 etg. og 9 i sokkelen. Sprossene tok heldigvis Arne seg av.)
Gulroten var kos og pass av Eiliv.
Så jeg kjørte rett fra jobb på Gjøra kl. 14.00 onsdag, og var tilbake i Ålvundfjord til filialjobbing torsdag ettermiddag.




Eiliv har arvet Marits øyne, like store og blå..
og på smekken står det: "like sjarmerende som pappa".

Så det er slett ikke umulig at jeg tar med vinduspussebøtten min andre steder også, hvis noen skulle føle behov.... (ikke på buss da)





torsdag 9. april 2009

Vår og påske.

Våren har kome, og heilt til slutt i dette innlegget ligg ein video som berre ventar på at Jona skal kome tilbake til Bergen.





Krokusen har blomstra flott dei siste dagane.



Nils Ingar og Marie er på plass igjen med hagearbeid. Diverse buskar blir klipt hardt ned og jorda blir behandla både maskinelt og på anna måte.



Når Sunnmøringar kjem på besøk må vi vise at Norges tjukkaste gran veks i Ålvundfjord. Nesten ein hund på kvar.



Arnold fotograferer Tvillinggrana.



"Å bruke kjerringa som hest" har vore eit tema tidlegare på denne bloggen. Kjekt å sjå at nye generasjonar held tradisjonen i hevd.


Eigentleg har ikkje lamminga starta enda, men mor til dette lammet visste ikkje noko til det. Så her kjem ein liten film.
Rolleliste: Nils ingar brukar kamera + spelar rollen som bekre på lydavdelinga.
I rollen som sau høyrer vi Marie.

fredag 3. april 2009

Kosetur til Drammen.


For 2 uker siden var jeg på årsmøte i Norges Quilteforbund på Skedsmo. Da var jo selvfølgelig ikke veien lang til Drammen og en liten solstråle der.
Smekken kommer ikke så godt fram her, men på den står det: "Like søt som mamma" Gjett hvem som har kjøpt den?









søndag 1. mars 2009

Vinterferie -dåp og masse tid som besteforeldre.

Vi har lagt vinterferien bak oss og kan allerede no sjå tilbake på ei veke med mykje tid som besteforeldre.
Søndag 22.februar var det dåp for Eiliv i Byåsen kirke i Trondheim. For første gong hadde vi 3 barnebarn samla på ein gong, og det er flott å oppleve. Sidan Nils Ingar kom oss i forkjøpet med bilete av alle 3 på fanget så kan vi vise til annan blogg i familiedynastiet.
Her ser vi Eliv i lag med foreldre og alle 4 besteforeldra.

Storefetter Jona er allerede kome langt i opplæringa til å bli ein god kakemons.

I dagane etter dåpen fekk vi ha både Eiliv og Eldbjørg heime i nokre dagar. Det var stor stas med bæring, kosing og trilleturar.



Hagearbeid har vore eit stadig tilbakevendande tema på denne bloggen. Sjølv om ingen var her og dytta oss, så sette vi i gang med litt rydding (snauhogging) av bakken nedanfor huset. Det vart både ved og utsikt.
Eg heldt meg til det maskinelle, traktoren var traktor og kjerringa var hest som det står i visa. Mange greiner forsvann derfor med det same.








Både laurdag og søndag vart det også ein liten fjelltur. Her ser vi tråkkemaskina som kjørte opp veg for meg opp mot Templet. Dette var oppvarmingsturen før vedhogst i hagen.


På søndag vart det også ein tur etter gudstenesta. Men da gjekk turen mot Stortuva og da måtte eg lage løype sjølv. Veret var ikkje så bra som laurdag, men når eg kan sikte etter kraftlinjene så går dt greit.
Slike straumførande linjer i fjellet er det jo mange meiningar om.
Om dei er vakre er ein ting, men praktisk for å sikte ut kursen er dei ialle fall.
(Dei 4 siste bieta er teke med mobilltlf.)


Sidan Jona forbind meg med sauer så må han gjerne fortsette med det. Sjølv om vi ikkje hadde dei med til Trondheim så kan eg vise her at dei fremdeles har det bra og berre ventar på kløpping og lamming.