torsdag 9. april 2009

Vår og påske.

Våren har kome, og heilt til slutt i dette innlegget ligg ein video som berre ventar på at Jona skal kome tilbake til Bergen.





Krokusen har blomstra flott dei siste dagane.



Nils Ingar og Marie er på plass igjen med hagearbeid. Diverse buskar blir klipt hardt ned og jorda blir behandla både maskinelt og på anna måte.



Når Sunnmøringar kjem på besøk må vi vise at Norges tjukkaste gran veks i Ålvundfjord. Nesten ein hund på kvar.



Arnold fotograferer Tvillinggrana.



"Å bruke kjerringa som hest" har vore eit tema tidlegare på denne bloggen. Kjekt å sjå at nye generasjonar held tradisjonen i hevd.


Eigentleg har ikkje lamminga starta enda, men mor til dette lammet visste ikkje noko til det. Så her kjem ein liten film.
Rolleliste: Nils ingar brukar kamera + spelar rollen som bekre på lydavdelinga.
I rollen som sau høyrer vi Marie.

1 kommentar:

Gunnveig sa...

Hmm, e ikkje får mamma sitt påske egg i år...
Kjekt å sjå at Marie drar igang dei to (store) småbrødrene mine!!;)