Det er rett og slett noko Ceciliansk over desse snøklokkene. Eg trur ikkje dei likar snøen, men likevel vel dei å bruke tid og krefter på å kjempe seg gjennom snøen. Dei brukar gjerne store krefter på å overvinne snøen i staden for å ligge roleg og vente.
Eller likar ho snøen likevel ------- berre at ho ikkje vil innrømme det.
Dei andre bileta er tekne for nokre dagar sidan. Dette biletet er teke i dag, 11. april. Hadde snøklokkene venta til i dag kunne dei altså ha kome opp lett og enkelt utan kamp.
1 kommentar:
Det er så koseleg at dei ikkje ventar lenger, deilig å få litt blomster i hagen igjen:)
-Marie
Legg inn en kommentar