søndag 13. mars 2011

Cecilie på ski!!!!

Dei som har fulgt med og las blogginnlegget frå Malm har sjølvsagt kommentert og etterlyst bevis på om det verkeleg var slik at Cecilie kom på ski.  No er det jo sjølvsagt slik at sjølv om ikkje datalagringsdirektivet har begynt å gjelde så er det enkelte sperrefristar på viktige begivenheter.  Marit har  holdt på dei mest sensitive opplysningane inntil alle opplysningar av sikkerhetsmessig karakter er sjekka ut.  Men i dag var bileta frigjevne til offentleg bruk.

Her er vi da i gang, og så kan vi altså berre filosofere over årsak og virkning.  Nils Ingar lanserte ein teori om virkningen av barnebarnvirus.  Kva som er den heilt riktige diagnosen kan eg ikkje seie. Men eg veit i alle at diverse forsøk på lirking, luring, lokking og overtalelseskunster har vore heilt nyttelaust.  Men kombinasjonen med pulk og barnebarn klarte å utløse det eg ikkje har klart på mange år:
BESTEMOR ER PÅ SKI. 
Det er i motbakke det går oppover.  Her ser vi ned mot Bergvoll der dei bur.
Utsikt over Malm sentrum og fjorden.  Det høyrer vel og med til historia at foreldra gjekk attmed utan ski, og Marit er fotograf.

2 kommentarer:

Marie sa...

Det såg jo ut som bestemora koste seg på skituren òg :) Barnebarnvirus er nok av dei sunnaste virusa ein kan få!

Gunnveig sa...

Imponert! :)