søndag 1. mars 2009

Vinterferie -dåp og masse tid som besteforeldre.

Vi har lagt vinterferien bak oss og kan allerede no sjå tilbake på ei veke med mykje tid som besteforeldre.
Søndag 22.februar var det dåp for Eiliv i Byåsen kirke i Trondheim. For første gong hadde vi 3 barnebarn samla på ein gong, og det er flott å oppleve. Sidan Nils Ingar kom oss i forkjøpet med bilete av alle 3 på fanget så kan vi vise til annan blogg i familiedynastiet.
Her ser vi Eliv i lag med foreldre og alle 4 besteforeldra.

Storefetter Jona er allerede kome langt i opplæringa til å bli ein god kakemons.

I dagane etter dåpen fekk vi ha både Eiliv og Eldbjørg heime i nokre dagar. Det var stor stas med bæring, kosing og trilleturar.



Hagearbeid har vore eit stadig tilbakevendande tema på denne bloggen. Sjølv om ingen var her og dytta oss, så sette vi i gang med litt rydding (snauhogging) av bakken nedanfor huset. Det vart både ved og utsikt.
Eg heldt meg til det maskinelle, traktoren var traktor og kjerringa var hest som det står i visa. Mange greiner forsvann derfor med det same.








Både laurdag og søndag vart det også ein liten fjelltur. Her ser vi tråkkemaskina som kjørte opp veg for meg opp mot Templet. Dette var oppvarmingsturen før vedhogst i hagen.


På søndag vart det også ein tur etter gudstenesta. Men da gjekk turen mot Stortuva og da måtte eg lage løype sjølv. Veret var ikkje så bra som laurdag, men når eg kan sikte etter kraftlinjene så går dt greit.
Slike straumførande linjer i fjellet er det jo mange meiningar om.
Om dei er vakre er ein ting, men praktisk for å sikte ut kursen er dei ialle fall.
(Dei 4 siste bieta er teke med mobilltlf.)


Sidan Jona forbind meg med sauer så må han gjerne fortsette med det. Sjølv om vi ikkje hadde dei med til Trondheim så kan eg vise her at dei fremdeles har det bra og berre ventar på kløpping og lamming.

2 kommentarer:

Marie sa...

D e snart ingenting igjen i den hagen..! :D Gle me t å sjå utsikta

Anonym sa...

artig å omtale traktor som ein del av hagearbeidet.... det sier jo litt om hvilken tilstand hagen er i... de fleste driver vel helst m luking...
-c-