laurdag 30. august 2008

Byggeprosjekt.

Løeveggen mot nord er det første folk ser når dei kjem hit. No blir veggen ny. Når den gamle er rive ned må det også opp ein ny før vinteren kjem.
Familiens snekkar må gjerne uttale seg om stillasbygginga.
Eg tykkjer det er litt høgt på toppen. No kan eg halde meg fast i div. stokkar, men det blir verre etter kvart som meir av veggen blir ferdig. I tilegg må eg passe på at lamma ikkje dyttar bort for mange av støttene.






For tida går storparten av ledig tid med til sauleiting, men i dag (etter ein tur på fjellet) fekk eg da i alle fall slått på nokre bord, så no er eg i gang.

1 kommentar:

John Gudmund sa...

første påpeiking e jo at når bordkledninga kom vekk kom skeivheta t muren under bedre til syne! :) ellers ser stillaset ut som eit fint standard heimesnekra særs lite godkjent stillas som fungerer heilt fint heilt til det ikkje gjer det lenger:) men eg syns det er veldi bra jobba i allefall! klapp for pappa!