tysdag 2. september 2008

Trollheimsmarsjen.

Søndag 31.august vart Trollheimsmarsjen arrangert. Det vart ein lang, hyggeleg og sosial tur med over 200 deltakarar. Turen gjekk frå Todalen til Ålvundeid. Idrettslaga på begge sider fylte 100 år.
Her er vi på tur oppver lia mot Ørsalsetrene. Heilt i bakgrunnen kan vi sjå Strengen i omlag same profil som heimefrå.


I gamle dagar hadde garden vår setring her i Todalen. Korleis dei for med krøtera er det ingen som veit. Det har og vore sagt at det står att ei storgryte frå denne tida. Kanskje det er denne? I så fall er ho flytta litt frå Drøppingsetra ....... ?? Kanskje det er gryta mi, men ingen treng å vere redd for at eg skal bere ho heim.
Pause ved Ørsalstrene.



For oss som kjenner fjella frå Drøpping er det greit å kjenne igjen Snøfjellet og Skjæringfjellet. Det er berre at dei er så mykje nærmare no.



Ved Vardan fortalte Kjell Jostein om kontakten som har vore over fjellet mellom dei to bygdene. I bakgrunnen til venstre ser vi den eldste deltakaren på 85 år.









Sjølv kom eg aldri i mål. Ved Grånebba svinga eg opp mot Stortuva for å leite sau. På toppen var eg ganske sliten og det smakte med meir kaffe. (Foto: sjølvutløsaren)