laurdag 21. juni 2008

Nytt i hagen.


Som det står på headingen av bloggen: Viss nokon vil rydde i hagen er det berre å kome. Det er kjekt å oppleve at nokon tør det, sjølv om "han gamlefar" held forsvarstale for den forvokste buskfurua. Denne gongen var det Nils Ingar og Marie som sette i gang og gjennomførte med stor entusiasme og arbeidsinnsats.


Det er kjekt å sjå igjen hellegangen ned til "kåret". Vi jobba da ein del for å få til denne da huset var nytt. Mamma kjørte til og med traktor med lasteapparat for å få steinane på plass, (etter telefoninstruksjon om startprosedyre).
.

Her ser vi ein ny rododendron på plass.Etter kvart begynner det å bli nokre av dei.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Bra jobba!!-c-

John Gudmund sa...

oi d e sånn d egentli såg ut der ja!
godt jobba!