søndag 27. april 2008

Koner er ikkje kva dei eingong var.


---- eller kanskje har dei aldri vore det.

Er i alle fall vandt til at dei overlater til mannfolk eller andre som har greie på det når dei skal i gang med vidløftig datateknikk eller andre tekninske duppedingsar.

Først vart det bærbar PC til bursdagen. No har ho også vunne I-pod på NMSU-lotteriet for Phillipshaugen. (Det kan vel også seiast at ho skrapa så mange lodd at vinnarsjansen vart ganske stor - ja kva gjer ein ikkje for å støtte aktive barn i ei svært god sak)

Resultatet er i alle fall at det nesten ikkje er fred å få under den høgtidelege søndagsmiddagen med pølser og potetmos før turgåing.

For ho skal jo både laste inn CD og overføre til og synkronisere med I-pod samtidig, og plutseleg kjem det lyd frå begge delar. Då må det vel bli ekte stereo.
------ Og enda har ho ikkje spurt om hjelp ein einaste gong, ------ litt ergerleg og.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Beklager kjære ektemann! Må nok spørre om hjelp opptil flere ganger, men det er nok lurest å spørre den generasjonen som har rede på slikt......

Nils Ingar sa...

å seie at ho ikkje har spurt om hjelp ein einaste gong var vel lit drøyt ja... Men ho noterte ivrig i blokka si, så då hugsar ho det vel til neste gong og:)

John Gudmund sa...

å me at mamma ikkje spør pappa kan pappa fortsatt ha nasen høgt i været å æra i behold, for den forsvinn me ein gang pappa ikkje ane stort om ein Ipod idet mamma faktisk spør:)

arnedro sa...

I mangel av andre gode svar så er det på tide at du lærer forsjell på å -og.

Ieah sa...

HAHA! :)
*flire av far OG sønn*

arnedro sa...

Livet utviklar seg stadig. No omgir ho seg med ledningar og høyrer slett ikkje etter, så viss eg skal seie noko viktig må eg først rekkje opp handa for å be om ordet.