måndag 13. august 2007

Svanhild - Heim til Todalsfjorden.

Sidan Aura Avis ikkje møtte opp har eg skrive denne artikkelen både for Aura Avis og for bloggen.
Svanhild med alle segl oppe på tur inn Todalsfjorden. Neppe har det vore så mange småbåtar samla i Todalsfjorden i moderne tid.
Svanhild gjer seg klar til å gå mot land.

Det er ein del arbeid som skal gjerast når segla skal ned. Her er det blanding av fast mannskap og lokale interesserte personar som har fulgt Svanhild nordover frå Florø.


Detalj frå av båten. Her ser vi at propellvatnet frå den eine motoren sprutar opp ved sida av roret. Dette gjer båten litt vanskeleg å manøvrere, men det er gjort for at det opprinnelege skal vere mest muleg rett.



Svanhild blir i dag rekna som den beste og riktigst vedlikeholdte hardanger-jakt i landet. Båten er stasjonert i Florø. Laurdag 11.juni kom båten heim igjen. Maken til mottaking har mannskapet knapt opplevd og neppe har det vore så mykje småbåtar samla i Todalsfjorden i moderene tid. Sjølv da dei kom tilbake frå jordomsegling kunne neppe frammøte og mottaking måle seg med dette. Men det var no Svanhild kom heim igjen. Fleire personar frå lokalmiljøet har fulgt båtturen frå Florø til Todalsfjorden.
Svanhild vart altså bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i 1889. Byggmesteren var frå Sjøtrøa på Nordvik. Bygginga foregjekk i fjærsteinane på Nordvik, men tømmeret var hogge i Innergarden på Drøpping. Reisinga av masta foregjekk truleg under Skarvhammaren på Drøpping. Her er det både djup og loddrett hammar å ligge inntil. Det var brødrene Ola og Johan Knutson Drøpping frå Innergarden på Drøpping som bestilte båten og dreiv med fraktfart. Det var også fleire andre på Drøppingstranda som dreiv med frakt-fart i den tida. Frakten foregjekk i stor grad mellom Lofoten og Krisiansund. Ola Knutson Drøpping kjøpte seinare Oppisua på Drøpping, så dagens drivarar både av Oppistua og Innergarden er i nær slekt med den første skipperen.
Som jakt hadde Svanhild ei mast og eit mannskap på 6 personar. Skuta vart solgt til O. Føystad og P Kamsvåg i Straumsnes i 1923. Omlag 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, dvs. ho fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med, og ein kunne no segle båten med fem personar. På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976.Eit andelslag med båtentusiastar i Florø fekk tak i båten i 1984 og dei var på jordomsegling i 3 år. Skipperen fordel at båten no har to motorar. Det gjer at båten ikkje er spesielt god å manøvrere, men dette er gjort for at det opprinnelege i båten med plasseing av ror ikkje skal bli forstyrra.

2 kommentarer:

John Gudmund sa...

Da lærte man enda litt meir om Drøppingan:) men fin båt va d nå i allefall!

Anonym sa...

kjekt å sjå, og kjekt å lese! du får ta vare på avisa!!
-catharina-