måndag 13. august 2007

Ferietur til Bud.

Det er utruleg kor mykje ferie-følelse det går an å få på ei helg. Etter at vi har vore på fjorden og sett på Svanhild drog på ferie-tur med med Campingvogn til Bud. Vi var innom Marie på hyggeleg kveldsmat på Skåla. Etterpå leverte vi Nils Ingar "studieklar" i Molde. Så var det oss to igjen overlatt til oss sjølve for ein ny vintersesong. Da var Bud Camping ein fin plass å vere på.

To søte troll på Bud Camping. Det var ei flott steinsamling på Bud. Eg har fotografert mange av steinane så viss nokon vil bestille eit bilete av ein stein som de trur fins på Bud så er det berre å sende ein e-post.
Vi fekk oss også ein flott middag på Bryggja på Bud der vi kunne forsyne av mange forskjellige fiskerettar. Det var mykje folk og Bud har tydelegvis besøk av mange turistar, så vi var slett ikkje åleine om å dra hit. Plassen kan anbefalast.
Cecilie på Ergan fort. For å vise at ho er "litt krigersk" av seg. Tidlegare på bloggen er ho ilag med krigsheltar både frå Peru og Chile. Det betyr vel også at ho vil vere venn med alle. Bud var ein viktig plass for tyskarane for å ha kontroll med havet og innseglinga til Romsdalsfjorden.
Statuen over kyrkjemøtet på Bud i 1533. Bud var rekna som den mest sentrale plassen mellom Trondheim og Bergen på den tida.


Robin ved Atlanterhavsvegen.

Statue ved Atlanterhavsvegen til minne om sjøfolk som har kome bort på havet. Så avslutta vi feriehelga med eit besøk i Atlanterhavsbadet i Kristiansund. I dag, måndag, er Cecilie på jobb og i morgon startar jobben på skulen for meg også. Det betyr vel at ein innhaldsrik sommar er på hell. Innhaldsrik - sjølv om vi var heimefrå berre ei natt.

5 kommentarer:

John Gudmund sa...

såg kosli ut! dåkk e sånn kosli "gammelt" par dakk:)
trur kampingvogn va lur invistering!
treng dakje dra bort på ferie når man bor på hytta på lande heile åre:)

Anonym sa...

-det er nok fleire her som må jobbe med eit gebrokkent skriftspråk...
-c-

Nils Ingar sa...

tak for skyssen:) den "studieklare" er no snart klar for studia, første forelesning på mandag... glede me faktisk

Marie sa...

Takk for trivelig besøk!

Marie sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.