tysdag 8. mai 2007

Drama i sauefjøset





Kvardagen i sauefjøset er i grunnen ganske dramatisk. Her kjem eit lite tilbakeblikk på vårens vakraste eventyr og drama omkring det den siste veka.
Onsdag 2.mai: Ein ganske vanskeleg fødselshjelp der ulike bein frå fleire lam ville ut samtidig. Det kom ut 3 lam, 2 levande.
Torsdag morgon: Mora låg død i garden og dei 2 lamma låg tett inntil mor si. Kvar elles skulle dei få trøst, kjærleik og omsorg. Ein annan sau hadde mista det einaste lammet sitt. Ho blir omplassert som fostermor. Lamma starta straks med å suge den nye mora. Men ho ville naturleg nok ikkje ha lamma. Etter ein dag torde ikkje lamma å suge meir. Livet var håplaust. Eg måtte mate dei.
Fredag 4.mai. No hadde dei lært at den nye mora hadde mat, men var ikkje snill. Arne var snill men hadde ikkje mat. Ved ein god kombinasjon av desse to går livet vidare.
Laurdag 5.mai. Dei første sauene kjem ut.
Søndag 6.mai. Eit fjorslam vrenger livmora ut. Det ser ikkje bra ut ut. Ei nyutdanna veterinærjente(ferskare enn Marit) kjem og ordar det heile, og to dagar etter ser det ut til å gå bra. Eg har bilete av sauen. Det kan sendast på e-post til interesserte, men egnar seg ikkje på blogg for sarte sjeler.
I dag tysdag 8.mai: Ein sau har trykt for lenge for å få ut eit lam som låg skeivt. Lammet dør like etter fødsel. Eg vel da ein strategi:
1. Kjenner etter at det ikkje kjem eit lam til.
2. Gnir dei to morlause lamma inn i blod og andre vesker frå det døde lammet.
3. Det ser ut som den nybakte mora aksepterer dei to lamma som snart er ei veke. Men det er vanskeleg å vere sikker enda.
4. Det kan i alle fall sjå ut som dei to lamma har funne den store draumen: Ei mor som har mat og som aksepterer dei slik som dei er.
Mat, kjærleik og omsorg er ganske nødvendig enten vi er ei veke på 4 bein eller over 50 på to bein.
Viss nokon trur at dette er berre idyll så skal dei også ut i eit terreng der jerven luskar. Men skulle alt gå veldig bra så kan dei faktisk få lov til å bli pinnekjøtt til julaften.

9 kommentarer:

Nils Ingar sa...

litt sjuke dyr, litt daude dyr, litt stae dyr, litt søte dyr. med andre ord, alt som vanlig...

arnedro sa...

Ja, ja NIls Ingar. slik kan det også seiast. Men det gjeld å sjå det store og det allmenmenneskelege i den den enkelte sau.

Nils Ingar sa...

absolutt! vanlege ting er ikkje negativt, det førekjem berre oftare. Men noko som ikkje førekjem så ofte er jo bursdagen din som faktisk er i dag.

Gratulerer så masse Pappa, ringer deg seinare:)

Anonym sa...

ja d e vakkert d e vakkert!
for enkelte utenforstående byfolk kan e vel ha litt forståelse for at dem muligens syns d her virke ein smule groteskt å uapetitteli..
mens e faktisk fikk ein smule heimlengsel..
ikkje mykjy..men litt:)
vil jo så klart ha bilde på mail:)

arnedro sa...

JG. Bilete blir sendt på mail.

Ieah sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Ieah sa...

ej me vil ha bilde! :D

hehe.. ogso e dei faktisk so heldige at dei kan få lov til å bli pinnekjøtt! :p
*smilelurt*

Anonym sa...

Wow...
Hilsen bygutt!

Anonym sa...

Gratulerer Arne med bursdag! masse hilsener fra Drammen