søndag 13. mai 2007

Hage-"mobbofrene" tek igjen.




Denne helga har Emma og John Gudmund vore heime. Etter diskusjonane den siste tida om headingen på bloggen og det å ta eit tak i hagen så stilte dei opp på laurdag. Vi tok ein liten aksjon. Litt dissens( for å seie det forsiktig) om kor hardt vi skulle gå til verks. Mamma arrangerer spørre-konkurranse om kva som er borte. Noko er lett å sjå. Noko litt verre. Bileta er "før" og "etter."
Vi var også til Surnadal for å hente bunad til "litj-guten". Han vart så flott så. Han vart også fotografert i massevis, men han ville ha einerett til presentasjonen på eigen blogg så følg med. All snik-kopiereing må sjekkast mot lovene på sida til Nils Ingar.


6 kommentarer:

Nils Ingar sa...

der ja! vel treet som sotd midt på plena ser eg jo at de har tatt ganske hart, ellers busken bak, det som var igjen av buskfura til høgre i bildet, og edelgrana like bak det. trur eg...

arnedro sa...

Edelgrana står nok like flott, men elles bra.

Anonym sa...

det er vanskelig å få til fin hage når man steller den i skippertak en gang i året... men lykke til! savner nedtelling til barnedåp 29 juli!!
-c-

Anonym sa...

går det ikkje ann å ha to nedtelinger?? var ikkje meininga å ta nedtellinga til marit og håvard altså...

Anonym sa...

HIPP HIPP HURRA!
Gratulerer så mye med dagen!
hilsener fra Jose og Luzmira

Anonym sa...

Du Arne... Hva slags reklame er det som popper opp paa hjemmesiden din??? Har du falt helt for propagandaens makt?
I Peru ga du deg helt for Coca-colaens makt,men naa maa det stoppe!