måndag 12. august 2013

Lita grop kan velte stort lass.

Da eg starta som bonde hendte det fleire gonger at hengaren velta under forhausting. Etter kvart lærte eg litt om skeiv lasting og generelt om naturkrefter.  No har eg kjørt i mange år utan å velte, men i år velta eit lass igjen.  Det var ikkje så veldig bratt heller, men det var ei grop i terrenget som eg ikkje passa godt nok på. Det er vel slik at der det er bratt passar eg også ekstra godt på.
Men plutseleg låg altså lasset slik.
 Her er det min gode "dreng" Per Sindre som først må vere med på å tømme lasset, og så må vi lesse graset på igjen. Til slutt må altså Per Sindre jamne det utover i silon. (3.gongs behandling)
Dette biletet sendte eg også som sjåarbilete til NRK MR.  Frå ein hyggeleg sambygding fekk eg da eit spørsmål om eg har starta med utesilo med sidetipp.

Og når først lasset har velta så er det litt knapt med berre ein traktor, så da er det godt å ha ein god nabo:

 På turen nedover kan drengen få seg litt fortjent avslapping.
Men det er ikkje berre velting som skaper litt plunder. No tykkjer eg rett og slett at Telenor med sine underselskap bør gjere jobben sin. Jula 2011 herja Dagmar i området her, og telefonledninga vart lagt ned fleire plassar. Det var eg som måtte fjerne stolpen frå ekra.  No har eg hatt slik akkuratkjøring der telefonledinga går mellom traktoren og hengaren. Slik har det vore i 2 somrar og 4 forhaustingar.

Ingen kommentarer: