måndag 1. juli 2013

Jøldalshytta - ei perle i Trollheimen.

Dette innlegget er nok å betrakte som eit lite reklameinnlegg for Jøldalshytta.
 Vi starta søndagen 30.juni på martnad på Surndalsøra, så dette vart meir som ein kveldstur. Hytta er nok mest kjent i samband med TREKANTEN - saman med Trollheimshytta og Gjevilvasshytta. Marit og eg gjekk denne ruta for mange år sidan. Det var ein flott tur.
 Men Jøldalshytta ligg også fint til for ein kortare tur. Langs Nerskogvegen er det 3 ruter som går inn til Jøldalshytta.  Vår tur kan samanliknast med turen frå Nerdalen til Innerdalen i avstand, men vegen inn Jøldalen er mykje flatare.

Vi mora oss med å telle små og store bekkar som renn over vegen og kom til 22. 
Den største av bekkane hadde også ei gangbru. Kjøretøy må bruke vegen gjennom vatnet. Vi såg også at mange har funne ut at dette er ein fin sykkelveg. Ein familie som sykla samtidig med oss hadde ein artig sykkel som heiter "kompis." Det er ein form for tandem for vaksen og barn, der den vaksne har full kontroll. Fann ein omtale av ein slik sykkel på ein blogg. 

Ingen kommentarer: