måndag 12. november 2012

Ferie på Tenerife.

Det er allerede 2 veker sidan vi kom tilbake frå Tenerife.  Det litt merkelege er jo at på Tenerife var det fred og ro og rolege dagar, men straks vi var heime så var det vanskeleg å finne tid til mimring/blogging, men no har eg ein kveld til det. Eg vel å dele bloggen i 2 tema, "utan" og "med" bryllup.
 Her er det utsikt over byen Los Christianos på sørkysten av Tenerife. Vi var her 21.-28.okt.  Denne toppen er rest av ein gamal vulkan. Heile Tenerife er ei vulkansk øy.

På stranda var det mange som bygde store sandslott. Sjølvsagt høyrde det med å betale litt når du stoppa og såg på kunstverket, og i alle fall når eg tok bilete. Same skikk og bruk som for gatemusikk. 
 Besøk på restaurant vart ein vane i løpet av denne veka.
 Her står Kornelius, Oddveig og Cecilie under eit flott tre i sentrum.
Oddveig ved ei hjertesamling i ein landsby opp mot fjellet. 
 Utsikt mot havet ved Los Christianos.
Her stoppa vi ved ein park med bord og stolar.
Her ser vi opp mot Teide, som er det høgaste fjellet på Tenerife. Fjellet er over 3700m.o.h.  Det er også mange spennande lavafigurar i området.  Vi skulle ta ein gondolheis opp mot toppen, men det var for  mykje vind den dagen. Men vi hadde jo allerede kjørt leiebil høgare opp i fjellet enn Galdhøgpiggen. 


 Teide. Gondolheisen går opp mot toppen på høgresida sett herifrå. 
 Denne tårnfalken fanga eg inn med linsa oppe i fjellet like ved rastauranten attmed gonndolheisen.
 Dette var også ei fin veke for å bli kjent med våre nye "familie". Bryllupet kjem i eige blogginnlegg, men vi hadde eit oppdrag med å prøvespise ein del restaurantar. Det oppdraget tok vi med stort alvor. Ei anna sak var at bryllaupsmiddagen tok vi på ein "ny plass."
Noko av det eg likar best i syden er å gå litt rundt og kjenne på god temperatur.  Ekstra kjekt å kjenne på at temeraturen er behageleg også utover kvelden etter at det er mørkt.  Er vel også av den meining at hausten er ei fin tid å reise på.  Midt på sommaren blir det fort for varmt etter mi meining.
Vi bada jo ein del men det er ikkje bevist med fotos.

Ingen kommentarer: